Alle innlegg av Oddvar Hægeland

Ansgar-helg!!

Førstkomande helg får vi besøk frå Ansgar-skulen i Kristiansand. Program for helga:

Fredag 25. oktober kl 18.00: KONSERT i gymsalen på KVITSUND med Ansgar Gospel Choir. Gratis inngang. ALLE VELKOMEN!

Laurdag 26. oktober kl 19.00: LOVSANGSKVELD på Betel med ei lovsangsgruppe frå Ansgarskulen. Enkel servering etterpå.

Sundag 27. oktober kl 11.00: 0-100 på MISJONSHUSET. Lovsangsgruppa frå Ansgar deltek.

GLED DYKK! MØT OPP! TA MED EIN VEN ELLER NABO!

Gi Jesus videre – hele uka

22. -24. november 2019 arrangeres en felleskristen konferanse i Kristiansand: «Gi Jesus videre – hele uka». Vi i Kviteseid Misjonskyrkje ynksjer at så mange som mogleg skal få vere med på denne konferansen! Derfor sponsar Betel halve konferanseavgifta. Les meir på www.gijesusvidere.no/

Frå nettsida: «Gi Jesus videre er en konferanse for deg som bryr deg om at de som vokser opp i dag får en tro på Jesus som vil vare livet ut. Om du er frivillig i en menighet eller ansatt; om du har ansvar for de yngste barna eller menighetens eldste; om du har barn eller ikke: Vi vil utruste deg til å snakke med barn og unge om tro, slik at troen blir varig. «

Sommaravslutning

Laurdag 15. juni kl 17.00 blir det sommaravslutning i hagen på Betel. Vi startar med salatfest. Ta gjerne med ein salat eller brød/focassia. Vi deler på det vi har med! Deretter blir det litt song og ein andakt ved Åsbjørg. Fam Grutle får oss til å leike saman, og til slutt blir det kaffi og is. Ta gjerne med stol og bord. Ta endå meir gjerne med deg ein nabo eller ven. ALLE velkomen!