Kategoriarkiv: Innlegg

Avlyste arrangement

I tråd med gjeldande smittevernsreglar er alle arrangement på Betel avlyst inntil vidare. Vi håpar og ber om at situasjonen i landet vårt (og verda!) snart vil bli så god at vi kan samlast att. I ansvarslista for sundagtreffa her på heimesida vår, ligg dei planlagte arrangementa i vår. Nærare informasjon kjem.

Jolemøte sundag 20. desember kl 11.00

Årets siste samling blir sundag 20. desember kl 11.00 (merk tida!). Møyfrid Lunde kjem og har andakt for oss. Tone les ei joleforteljing for oss. Det blir mykje god song og musikk: solosang av Camilla, musikalsk innslag på fløyte og trombone, samt allsang med god musikk. Vi gjev også ei julegåve til borna på Jakobs hus i Colombia. Etter møtet blir det enkel servering i kjellaren. Vi følger smittevernsreglane og held avstand mellom ulike husstandar. VELKOMEN!

Songkveld 1. november

Førstkomande sundag, 1. november kl 19.00 er det ny songkveld i Kviteseid MIsjonskyrkje. Vi syng saman songar og salmar det er kome inn ønske om på førehand. Har du ein eller fleire songar du liker godt eller som betyr noko for deg? Send den inn til Sigrun L. S. på SMS (924 18 778) innan sundag kl 12. Husorkesteret med Olav, Sverre og Ane spelar.. og kanskje kjem Herman med fela. Håpar du kjem! Og fint om du sender inn songforslag på førehand. ALLE VELKOMEN!

Strikkeplagg med hjartevarme og bibelvers

Strikkekafeen med Anlaug og Gunhild i spissen er produktive! Dei har stikka massevis av sokkar, gensarar og luver, og no vil dei donere desse til Frelsesarmeen! Frelsesarmeen gjev plagga vidare til dei som treng dei mest. Vi håpar mottakarane av gåvene vil kjenne hjartevarmen frå dei som har strikka. Vi håpar endå meir at mottakarane vil kjenne Guds hjartevarme, og få eit glimt av Hans lys og håp. Inni sokkane ligg det ein lapp med gode bibelvers til oppmuntring. Ver med å be om at både sokkane og orda må varme!