Kategoriarkiv: Møter og arrangement

Bøn for Kviteseid

Me lever i ei tid prega av store samfunnsmessige utfordringar. Den verda vi lever i er full av skjønnhet og kjærleik, men manglar heller ikkje på urettferdighet og vondskap i stor skala. Kva kan me som einskildpersonar stille opp mot krig, miljøkatastrofer og flyktningekriser? Og kvifor be for lille Kviteseid oppi alt dette som går si skeive gang? Har ikkje Gud nok å tenkje på?

Me som inviterer til Bøn for Kviteseid trur på ein Gud som elskar kvart einaste menneske, både den flyktande Syraren, familien som mista heile heimen sin i flaum i India, og Kviteseidingen som opplever vanskelege relasjonar i familien.

Me ynskjer å invitere Gud inn i våre liv og inn i vårt lokalsamfunn, for me trur at folk både i Kviteseid og i Iran treng hjelp frå Gud. Me øydelegg for andre, ofte utan at me eigentleg vil det, og me kan oppleve å vere offer. Alle kjenne vi stundom på hjelpeløyse.  Alle treng me Guds nåde.

Bli med oss og be om Guds nåde, frelse og frihet over bygda vår! Om du ikkje kan eller vil vere med, men treng nokon som ber for din situasjon, ta kontakt med Ane Holm på telefon 93672392.

Årsmøte 10. februar kl. 17

Velkomen til årsmøte sundag 10. februar kl. 17! Årsmøtet er kyrkjas øvste organ og er ei viktig samling for både å oppsummere året som var og å sjå framover. Vi startar med pizza.

Sakslista/programmet ser slik ut. Eventueltsaker må vere styret i hande før 3. februar.

  • Opning
  • Val av referent (Oddvar) og protokollunderskrivarar (blir gjort i møtet)
  • Årsmelding v/Oddvar
  • Rekneskap v/Magnus
  • Val til styret v/Åsbjørg og Magnus
  • Val av valkomité (blir gjort i møtet) og orientering om dei andre komitéane og funksjonane
  • Kollekten på sundagstreffa
  • Samtale om arbeidet i kyrkja vår
  • Eventuelt