Sommaravslutning

Sundag 7. juni blir det sommaravslutning på Betel! (Eller skal vi heller kalle det oppstart..?) Vi samlast i hagen på Betel kl 14 (ikkje kl 13 som tidlegare annonsert). Åsbjørg har andakt, og det blir aktivitetar for små og store. I tillegg blir det god tid til prat. Det treng vi 🙂 Vi startar med mat. Pga smittevern må alle ta med mat til seg sjølv. Det blir servert kaffi, te og is. Etter samlinga kan dei som vil bli med på gåtur! Planen er å gå til «Korstoppen». Vi kjører bil til enden av Hommanvegen. Turen går først på fin skogsveg, så blir det eit parti som er litt ulent, før vi kjem inn på fin skogssti. Ta med gode sko og litt ekstra mat og drikke. Nydeleg utsikt! Alle er velkommen! Ta gjerne med ein nabo eller ven!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *