Sundagstreff

Sundagstreff er eit møte for heile familien. Møtet har varierte innslag med tanke på at heile familien skal trivst og blomstre, og Jesus er midtpunktet for samlinga.

DSC_0069

Ingrediensar i første del av møtet bruker å vera mellom anna song, borneandakt og leik.

Etter kvart får barna leike for seg sjølv medan dei vaksne (som er litt meir tungnemme..) har si eiga samling.

Til slutt et me kveldsmat. Kveldsmaten er eit dugnadsprosjekt der kvar familie har med pålegg og brød, og så delar me syskenleg.

Samlinga byrjar som regel kl 17. 00, men og nokon gonger kl 11.00. Det er sundagstreff på Betel omtrent to gonger i månaden. Sjå i kalendaren for datoar og klokkeslett.

Du er varmt velkommen!