Fredagsklubben

Fredagsklubben er for deg som gjeng i 8.klasse og oppover til og med vidaregåande skule. Kyrkja i Kviteseid, Kviteseid Normisjon og Kviteseid Misjonsmenighet arrangerer klubben saman.

Fredagsklubben

Klubben samlas omtrent to gonger i månaden på fredagskveldar frå kl 19-22 på misjonshuset. På programmet står lovsong, andakt, god mat, leik og aktiviteter.

Velkomen til sosiale kveldar med mykje moro!