Husgruppe

NB: I november og desember 2016 har husgruppa pause. Vi møtast att på nyåret.

 

Janna og Tor-Bjørn Nordgaard inviterer til husfellesskap i heimen sin i Seljord kvar tysdag kveld kl 20-22. Adressa er Apaldalen 12, 3840 Seljord.

Samlingane består av litt utforsking av Bibelen, bøn for og med kvarandre, kaffi og god samtale.

Vi tek for oss ulike tema frå Bibelen av både det kvardagsaktuelle og meir grunnleggjande slaget. Til no har me til dømes dykka inn i kvar enkelt bøn i ”Fadervår” og sett på kor mykje praktisk livsvisdom Jesus pakka inn på berre nokre få setningar. I eit slikt lite fellesskap er det stort rom for å stille spørsmål, dele tankar og bidra med innspel.

Gruppa er eit uformelt og livsnært fellesskap, og vi ber om at kvar enkelt som kjem finn styrke og inspirasjon og får eit møte med Gud kvar gong.

Gruppa starta opp i september 2015 og er open for alle som er interessert.

Normalt er det husgruppe kvar veke utanom skuleårets ferier. Følg med på kalenderen.

Lurer du på noko om husgruppa, er du velkommen til å ta kontakt med Tor-Bjørn på tlf 952 78 159 eller Janna på tlf 979 52 209.