Om oss

Kviteseid Misjonsmenighet er ein lokal kristen menighet i Kviteseid. Vi er tilslutta Misjonskirken Norge. Du er hjarteleg velkommen til alle samlingane våre!

DSCN5004

Vi håpar at alle som kjem til møta våre og andre arrangement vil kjenne seg heime. Både dei yngste, dei eldste og alle imellom er like velkomne til å vera med i fellesskapet. Anten du har gått på kristne møter heile livet eller om du aldri før har vore med på noko slikt, skal du vera svært velkommen om du tek deg ein tur. Vi som går fast i menigheten er ein flokk ulike vanlige menneske som har til felles at vi ønskjer å følgje Jesus.

Lokalet vårt heiter Betel og ligg sentralt i Kviteseid langs Dalanvegen (rett etter at du passerer bedrifta Kvito når du kjem frå sentrum, og rett på andre sida av vegen frå Kviteseid Motorservice).

Kviteseid Misjonskyrkje og Miskonskirken Norge har som visjon: «Guds barns enhet og menneskers frelse.»

Kviteseid Misjonsmenighet blei stifta hausten 1940. Dei fyrste åra hadde ikkje menigheten eige hus, og fekk leige eit hus som vart kalla «Avholdslokalet». I 1953 sto Betel ferdig, og den dagen huset vart innvigd, starta ei stor vekking som varte i fleire år. Ingulf Diesen kom som ung forkynnar hit, og fekk vera med på dette. Han er kanskje den som har betydd mest for Betel heilt fram til vår tid. Men også  mange andre forstandarar og forkynnarar som har gjort ein stor innsats gjennom kortare og lengre tid. Dei siste åra har vi ikkje sett oss i stand til å ha forstandar i fast stilling. Vi inviterer forskjellige forkynnarar frå fleire menighetar til å tale hos oss.