Kva er kristen tru?

Kristen tru er å leve i eit tillitsforhold til Gud. Og alle kan få del i det. Det har Han sjølv sytt for. Kristen tru er godt nytt!

 

paaskekors

 

Verda er full av religionar og sjølvhjelpsfilosofiar som tilbyr ulike oppskrifter på eit lykkeleg liv, basert på kva for grep du kan ta, kva du kan endre og kva du kan gjere. Det er naturleg for oss menneske å leite etter meining. Den evna har vi fordi Gud har skapt oss ”i sitt bilete”. Vi lengtar etter det sanne, rette og gode fordi Han er sann, rettvis og god.

Det viktigaste eit menneske kan gjere, er å finne vegen til vårt opphav og utvikle eit forhold til Ham. Det gir meining, retning og fred – og håp både for dette livet og det neste.

 

Vi treng redning

Då Gud skapte verda, skapa Han alt godt. Han var sjølv til stades i dei første menneska sine liv, vakta dei og hjelpte dei. Harmonien forsvann då menneska valde å gå ein annan veg enn å følgje Ham.

Du har sikkert høyrt om Adam og Eva, Edens hage og treet dei ikkje skulle ete av. Den historia handlar ikkje om frukt frå eit tre, men om at dei valde å vera ulydige mot Gud. Bibelen kallar det for synd.

Situasjonen vart slik som det står i Romerbrevet 3, 10-13:

”Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste. Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud. Alle er komne på avveg, alle er dei forderva. Det finst ikkje éin som gjer det gode, ikkje ein einaste.”

Og Gud er hellig, rein og god. Han er så god at Han er ute av stand til å late som om alt er greitt når det ikkje er tilfelle. Vi når ikkje opp til Ham med eigen innsats, og det som står i vegen er synd – tankar, ord og gjerningar med eit innhald som er i strid med Hans tvers igjennom kjærlege natur.

 

Jesus har gjort alt ferdig

Bibelen fortel at vi treng redning – den kallar det for frelse. Men Bibelen fortel oss ikkje kva vi skal gjere for å oppnå frelse. Vi kan ikkje klare det sjølv, så det er ingen grunn til å prøve. Bibelen fortel oss at Jesus allereie har gjort alt som trengst, at Han lever og vil ha kontakt med oss, og at vi ved tru kan få ta imot redninga på grunn av det Han allereie har gjort.

Gud valde å sjølv løyse problemet med at synda la hindringar i vegen for fellesskapet mellom oss og Ham.

Gud er treeinig, noko som tydar at Han er ein Gud – med tre personar: Faderen, Jesus og Den Heilage Ande. Jesus kom til jorda, blei fødd av ei kvinne og levde eit liv der Han var fullt ut menneske og fullt ut Gud samtidig. Gjennom sitt liv viste Han oss korleis Gud er. Den kjærleiken, godleiken og respekten Han viste menneska, har gjort at folk over heile verda har halde fram med å bli tiltrekt av Ham heilt til i dag. Han klara det ingen andre kunne klare, nemlig å leve eit syndfritt liv.

Fordi Han sjølv ikkje fortente straff, kunne Han betale straffa for alle oss andre. Jesu verk på korset er betalinga for det gale du og eg har gjort, gjer og kommer til å gjere. Difor kan vi sleppe å tilbringe æva borte frå Guds nærvær, og i staden få koma til himmelen. Det er den ultimate kjærleikserklæring. Det kosta Ham livet. No er det ikkje meir att å betale. Vi kan berre seie ja takk til at Hans verk skal gjelde oss.

Romerbrevet 3, 22-24 seier:

”Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad, for alle har synda og manglar Guds herlegdom. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.”

 

Eit nytt liv på innsida

Døden kunne ikkje halde på Jesus. Derfor sto Han opp att etter tre dagar, og det er enno mogeleg å bli kjend med Ham. Kvar og ein av oss kan få del i den redninga Han sørgja for på korset. Men Han tek oss på alvor som frie menneskje, og vil difor ikkje tvinge denne gåva på nokon. Vi må sjølv vele å seie ja takk til ”redningspakka”. Den inneheld evig liv i himmelen, og eit forandra liv her på jorda. Men korleis seier vi ja?

Romerbrevet 10, 9-10 svarer på det:

”For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste.”

Johannes 1,12 fortel:

Alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet Hans.

Om du seier ja takk og inviterer Ham inn i livet ditt, gjeld dette løftet deg. Jesus kalla det å ”bli fødd på nytt av Anden”. Den Heilage Ande kjem inn og skapar noko nytt i ditt indre menneskje.

Det å bli Guds born er startskotet for eit nytt liv i ein plan som leggjest til rette steg for steg av din Far som alltid har kjend deg. Du blir kjend med Ham gjennom å be til Ham, lese i Bibelen om korleis Han er, og å være saman med andre kristne. Vi anbefaler at du finn deg ein menighet der du trivast, som har ei levande tru på Jesus. Velkommen hit til Kviteseid misjonsmenighet!

Du tek vare på livet med Ham ved å gje Guds Ord autoritet i livet ditt. Vi trur at heile Bibelen er Guds Ord og at den er meint å vera vår best tenkjelege rettesnor.

Bibelen er full av fantastiske løfter som du som Guds born kan ta til deg. Her er eit døme frå Romerbrevet 8,38-39:

”For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.”

 

 

Vil du vite meir?

Her kan du lese i Bibelen.

Her kan du få svar på fleire spørsmål om kva vi trur på.

Ta gjerne kontakt med oss, eller kom på eit av møta våre!