Strikkekafeen med Anlaug og Gunhild i spissen er produktive! Dei har stikka massevis av sokkar, gensarar og luver, og no vil dei donere desse til Frelsesarmeen! Frelsesarmeen gjev plagga vidare til dei som treng dei mest. Vi håpar mottakarane av gåvene vil kjenne hjartevarmen frå dei som har strikka. Vi håpar endå meir at mottakarane vil kjenne Guds hjartevarme, og få eit glimt av Hans lys og håp. Inni sokkane ligg det ein lapp med gode bibelvers til oppmuntring. Ver med å be om at både sokkane og orda må varme!
Kvifor trur du på Gud?
Vi har kvar vår historie om kvifor vi trur på Gud. Om kvifor vi framleis trur på Gud. Det er både spanande, lærerikt og inspirerande å høyre andres tankar om dette. Andakten på sundagstreffet førstkomande sundag, 25. oktober, blir ein «panelsamtale» der vi får høyre ulike personar fortelje om dette: Kvifor trur eg på Gud? I tillegg blir det som vanleg god sang, leik og kollekt til Jakobs hus i Colombia. Når møtedelen er slutt, held den gode praten fram i kjellaren. Her serverer Ellen og Gunhild pizzabollar til heile gjengen. Ta gjerne med deg ein ven! Velkomen!
Sundagstreff 20. september
Velkomen til sundagstreff 20. september! Då får vi besøk av vår eigen Sigrid T. Lofstad. Ho vil fortelje om Guds virke i Romania. Det blir servering av pølser i brød etter møtet. Alle velkomen!!
Songmøte
Sundag 6. september kl19.00 blir det songmøte på Betel. Det heile blir som ein slags ønskekonsert. Alle som ynskjer det kan melde inn på førehand ein song/salme dei er glade i, og gjerne også fortelje litt om kvifor denne songen er viktig for dei. Desse ynskja kan sendast til Sigrun L. Solvang (924 18 778). Olav B. Holm og Sverre Solvang (m.fl) spelar til songane. Velkomen til samling der vi syng for og med kvarandre i Jesu namn!
hausten 2020
Dersom du byttar eller veit om endringar, er det fint om du oppdaterer denne ansvarslista. Takk for innsatsen!
Tema: Tillit til Gud
Supersang:
30.08 |
Sundagstreff Kl. 17.00 Tema: Bli (betre) kjent med Jesus |
Andakt: Åsbjørg |
Leie: Sigrun L.S. Mat: Signe Marie og Anlaug (rundstykke) Leik: Sigrun L.S. Teknikk: Andreas Musikk: Olav Holm |
06.09
|
Sangkveld kl 19.00 |
Leie: Sigrun L.S. Musikk: Olav, Ane, Sverre og Herman |
|
20.09 |
Sundagstreff kl 17.00 Tema: Å stole på Gud / Gud virkar i Romania |
Andakt: Sigrid T. Lofstad |
Leie: Ane Mat: Mari og Andrers (pølse i brød) Leik: Kvamme Teknikk: Andreas Musikk: Olav Holm |
25.10 |
Sundagstreff kl 17.00 Tema: Kvifor trur du på Gud?
|
Andakt: Ane leier ein panelsamtale med fleire deltakarar
|
Leie: Oddvar Mat: Gunhild og Ellen (Pizzabollar) Leik: Hægeland Teknikk: Solfrid og Anna Musikk: Olav Holm |
01.11 |
Sangkveld kl 19.00 |
Leie: Sigrun L.S. Musikk: Olav, Ane, Sverre og Herman |
|
08.11 |
Sundagstreff kl 17.00 TEMA: Å kjenne Kristi kjærleik
Nattverd |
Andakt: Åsbjørg |
Leie: Ane Mat: Signe Marie og Anlaug Leik: Holm Teknikk: Oddvar Musikk: Olav Holm |
29.11 |
Sundagstreff kl 17.00 TEMA: Gud høyrer og svarer på bøn |
Andakt: Rolf Inge Johansen |
Leie: Sigrun Kvamme Mat: Grutle (pizzasnurrer) Leik: Grutle Teknikk: Andreas Musikk: Olav Holm |
20.12 |
Jolemøte Klokka 11.00! |
Andakt: Møyfrid Lunde |
Leie: Sigrun L.S. Mat: Gunhild og Anlaug (suppe/graut) Leik: Fosse Teknikk: Solfrid og Anna Musikk: Olav Holm |