Kategoriarkiv: Møter og arrangement

Tentro

Dette året vil me arrangere Tentro i Kviteseid Misjonskyrkje. Tentro er eit frikyrkjeleg konfirmasjonsopplegg. Det byggjer på eit kristent rammeverk, men har eit noko anna opplegg enn den norske kyrkja sitt konfirmasjonsopplegg. Det er ikkje krav korkje til tro eller dåp for å vere med i Tentro.

Me er så heldige å ha et godt samarbeid med Den norske kyrkja i Kviteseid, så noko av opplegget er felles med konfirmantane der.

Ver med og be for Tentro-opplegget og for Tentro-konfirmantane!