Levande tru-seminar

Kviteseid Misjonskyrkje inviterer til seminar for alle som er opptatt av at neste generasjon skal utvikle ei levande tru på Jesus!

Sundag 2. februar kl 13.00 på Kviteseid Misjonshus

Seminaret passar for foreldre, besteforeldre og andre som er i kontakt med born og unge, og for alle som er engasjert i menighetsarbeid. Undervisninga blir ved Linda Andernach Johannesen. Ho er «levande-tro-konsulent» i Misjonskirken Norge, og har mellom anna skrive ei viktig bok med tittelen: «Hver tid teller. Når kirken utruster til slitesterk hverdagstro hos barn og unge.»

Matservering i etterkant av seminaret.

Felleskyrkjeleg familiemøte

same dag og stad kl 16.00.

Linda Andernach Johannesen deltek også på dette.

Velkomen!

Årsmøte 09. februar kl 1700 på Betel

Velkomen til årsmøte i Kviteseid Misjonskyrkje! Det vert vanlege årsmøtesaker som gjennomgang av årsmelding og regnskap, samt val av nye styremedlem. Det vert høve til å tenkje høgt kring arbeidet i kyrkja vår og vegen vidare. Styret ynskjer at flest mogleg møter opp! Alle er velkomne til kome og seie kva dei meiner, men du må vere medlem for å røyste. Enkel servering med kake og kaffe.

Jolemøte 15. desember

Sundag 15. desember kl 11.00 er det jolemøte på Betel. Vi får besøk av Gunstein Draugedalen og Sven Øverland. Gunstein har vore saman med oss på Betel rett før jol i mange år, og har gledd oss med song og forteljingar. I år kjem han saman med Sven Øverland. Desse to har eit spesielt jubileum saman: For 60 år sidan vart Sven Øverland og to andre ungdommar frå Ansgarskulen sendt til Kviteseid for å evangelisere. Mange unge frå Kviteseid møtte Jesus under tida dei var her, og ein av dei var Gunstein. Kom og høyr meir om denne viktige tida i Betels historie!

I tillegg vil Tone Fosse lese ei joleforteling for oss, og vi vil ete god julelunsj saman.

ALLE VELKOMEN!