Alle innlegg av Oddvar Hægeland

Informasjon frå styret ved semesterstart hausten 2017

Her kjem litt informasjon frå styret som i dag har hatt sitt første styremøte i haust.

  • Møtelista for haustterminen er ikkje klar enno, men her er datoane for sundagstreffa: 24/9, 1/10, 22/10, 5/11, 19/11, 3/12 og 17/12 (Gunstein Draugedalen, julebord, kl. 11).
  • I tillegg arbeider vi med nokre andre møte. Vi kunngjer møtetype og dato/klokkeslett når det er klart. 18/11 blir det i alle fall adventsmøte
  • 15/10 blir det eit menighetsmøte. Førebels tema for dette er henta frå årets Liv & Vekst, nemleg Riv i hjertet. Vi ønsker å utfordre kvarandre på dette med å vere kvardagskyrkje der vi er. Det kan bli spanande. Sett av datoen allereie. Meir info kjem om temaet og tidspunkt.
  • Rettleiinga for sundagstreffa blir revidert så pass på at du bruker den nyaste (merka med h17). Denne vil også liggje i permen som har infoskriv til talarane.
  • Sundag 3/9 skjer det to ting som vi oppfordrar interesserte å delta på. Kl. 11 er det innsetting av den nye presten i Kviteseid (Møyfrid Lunde) med påfølgande samling på Misjonshuset. Kl. 17 er det eit møte på Fredheim om Fredagsklubben og felles ungdomsarbeid. Møt gjerne opp på dette!
  • Sundag 17/9 er det eit felles songmøte i kyrkja kl. 18. Hilde Svela og Fredheimkoret blir med, og det blir kveldstankar med Møyfrid Lunde.
  • Vi minner om at vi i styret gjerne tar i mot innspel om stort og smått! Kven er vi? Jo, det er Sigrid, Sigrun, Mari, Øystein og Oddvar. Vara er Anders (1) og Tone (2).
  • Referat 3 mai 2017

Innsamling av klede fredag 9. juni kl. 13-18

Kviteseid Misjonskyrkje, Betel, har i mange år hatt innsamling av klær, sko og sengetøy til Øst-Europa (Ukrania, Russland, Moldova) i samarbeid med Agder/Telemark-aksjonen.

Alle typer klær er aktuelle, men dei må vera heile og reine.  Det same gjeld for sengetøy.  Sko bør nok vera lite brukt.

Så nå er det tid for å rydde i skåp og skuffar!

Legg det du vil sende i ein søppelsekk. Vi er på Betel fredag 9. juni kl. 13-18 og tek imot sekkane. Vi er takknemlege for kr. 50,- i frakt pr.sekk.

Har du spørsmål så ring Sigrid på 976 89 406.