Jolemøte 15. desember

Sundag 15. desember kl 11.00 er det jolemøte på Betel. Vi får besøk av Gunstein Draugedalen og Sven Øverland. Gunstein har vore saman med oss på Betel rett før jol i mange år, og har gledd oss med song og forteljingar. I år kjem han saman med Sven Øverland. Desse to har eit spesielt jubileum saman: For 60 år sidan vart Sven Øverland og to andre ungdommar frå Ansgarskulen sendt til Kviteseid for å evangelisere. Mange unge frå Kviteseid møtte Jesus under tida dei var her, og ein av dei var Gunstein. Kom og høyr meir om denne viktige tida i Betels historie!

I tillegg vil Tone Fosse lese ei joleforteling for oss, og vi vil ete god julelunsj saman.

ALLE VELKOMEN!

Ansgar-helg!!

Førstkomande helg får vi besøk frå Ansgar-skulen i Kristiansand. Program for helga:

Fredag 25. oktober kl 18.00: KONSERT i gymsalen på KVITSUND med Ansgar Gospel Choir. Gratis inngang. ALLE VELKOMEN!

Laurdag 26. oktober kl 19.00: LOVSANGSKVELD på Betel med ei lovsangsgruppe frå Ansgarskulen. Enkel servering etterpå.

Sundag 27. oktober kl 11.00: 0-100 på MISJONSHUSET. Lovsangsgruppa frå Ansgar deltek.

GLED DYKK! MØT OPP! TA MED EIN VEN ELLER NABO!

Sommaravslutning

Laurdag 15. juni kl 17.00 blir det sommaravslutning i hagen på Betel. Vi startar med salatfest. Ta gjerne med ein salat eller brød/focassia. Vi deler på det vi har med! Deretter blir det litt song og ein andakt ved Åsbjørg. Fam Grutle får oss til å leike saman, og til slutt blir det kaffi og is. Ta gjerne med stol og bord. Ta endå meir gjerne med deg ein nabo eller ven. ALLE velkomen!