Kvifor trur du på Gud?

Vi har kvar vår historie om kvifor vi trur på Gud. Om kvifor vi framleis trur på Gud. Det er både spanande, lærerikt og inspirerande å høyre andres tankar om dette. Andakten på sundagstreffet førstkomande sundag, 25. oktober, blir ein «panelsamtale» der vi får høyre ulike personar fortelje om dette: Kvifor trur eg på Gud? I tillegg blir det som vanleg god sang, leik og kollekt til Jakobs hus i Colombia. Når møtedelen er slutt, held den gode praten fram i kjellaren. Her serverer Ellen og Gunhild pizzabollar til heile gjengen. Ta gjerne med deg ein ven! Velkomen!

Songmøte

Sundag 6. september kl19.00 blir det songmøte på Betel. Det heile blir som ein slags ønskekonsert. Alle som ynskjer det kan melde inn på førehand ein song/salme dei er glade i, og gjerne også fortelje litt om kvifor denne songen er viktig for dei. Desse ynskja kan sendast til Sigrun L. Solvang (924 18 778). Olav B. Holm og Sverre Solvang (m.fl) spelar til songane. Velkomen til samling der vi syng for og med kvarandre i Jesu namn!

SUNDAGSTREFF

Vi er i gang att også med sundagstreffa våre! Oppstart sundag 31. august kl 17.00. Det blir andakt, leik, bøn og fellesskap. Anlaug og Signe Marie stiller med rundstykker til heile gjengen. Velkommen til «gamle travarar» og nye som lurer på korleis vi har det i Kviteseid Misjonskyrkje!

BØnNEMØTE

Bønnemøta startar opp att etter sommaren! Onsdag 26/8 blir det «Bønn for Kviteseid» (Felleskyrkjeleg bønnemøte) på Betel. Dette blir til vanleg tid kl 20.30. Desse felleskyrkjelege bønnemøta blir kvar siste onsdag i månaden. Alle dei andre onsdagane blir det bønnemøte kl 19.30 (merk tida!). Velkommen til alle! Dersom du ikkje har høve til å kome, men vil dele eit bønneemne, kan du melde dette på 97177684 (Åsbjørg).