Alle innlegg av Oddvar Hægeland
Referat frå styremøte 30. mai
Haustens første sundagstreff
Sundag 26. august kl 17.00 er det oppstart for sundagstreffa att! Ta med deg ein ven eller fleire og kom! Vi får besøk av Jan Danielsen. Åsbjørg skal fortelje om Mefibosjet og ufortent nåde. Ta med deg litt brød eller eit pålegg, og lever dette i kjellaren ved oppstart, så lagar vi felles kveldsmat som vanleg.
Sommarfest
Sundag 10. juni er det sommaravslutning på Betel!
Vi møtest utanfor Betel kl 11.00.
Først blir det litt sang, kort andakt ved Åsbjørg og avskjedshelsing for Sigrid og Ove.
Deretter et vi saman. Pga brannfaren droppar vi grillinga i år. Vi lagar i staden salatfest! Ta med ein type salat, og litt brød / rundstykker, så set vi alt på eit stort bord slik at alle kan forsyne seg av det dei vil 🙂 I tillegg ordar komiteen pølser til ungane og is til alle! Litt kaffi skal vi også ordne. Anna drikke de treng tek de med sjølv.
Etter maten koser vi oss vidare med prat og leik.
ALLE VELKOMMEN!
Innsamling av klede 14/6 kl. 17
Det blir innsamling av klede, sko, handklede og sengeklede til Aust-Europa torsdag 14/6 kl. 17. Hugs 50 kroner i fraktkostnader per sekk.
No har du sjansen til å rydde opp heime!