Sommaravslutning

Sundag 13. juni kl 13.00 samlast vi til godt felleskap og avslutning før sommaren. Vi har ein møtedel i hagen på Betel. Her blir det andakt ved Åsbjørg. Tema er «Jesus for alle». Etterpå koser vi oss saman med mat og prat og leik. Alle tek med mat til seg sjølv. (Ta med mat som ikkje treng å varmast…) Betel stiller med kaffi og is til dessert. Etter at samlinga i hagen er slutt, kan dei som vil bli med opp til Uddaråsen. Då køyrer vi saman til Lundevall gard og parkerer i nærleiken av denne. Turen opp tek i underkant av ein time. Ta på gode sko. Fin utsikt på toppen. Alle velkomen!

Sundagstreff 30. mai

Neste sundagstreff blir 30. mai kl 17.00. Då får vi besøk av Kamilla Minde, ungdomspastor på Fredheim. Tema er OMVENDING. Om å bli funnen av Gud og om å leve i omvendig til Gud, midt i kvardagen vår. Vi gler oss til møte! Det er meldt fint ver, så vi satsar på å ha møtet i hagen på baksida av Betel. Her er det nokre benkar og bord. Har du ein favorittstol, så ta den gjerne med… Velkommen!!

GOD PINSE!

Dessverre har vi ingen arrangement på Betel i pinsa. Oppmodar oss alle til å møte opp på andre lokale arrangement. (t.d gudsteneste i kyrkja kl 11.00 1. pinsedag). (4) Den norske kyrkja i Kviteseid | Facebook

I tillegg gler vi oss over at det er gudsteneste frå Oslo Misjonskirke Betlehem på NRK på 1. pinsedag. Pinsegudstjeneste, sendes på NRK TV og radio (oslomisjonskirke.no)

Minner også om Viggo Klausen sine fine pinsevideoar på YouTube: Første pinsedag // Pinse med Viggo Klausen – YouTube