Sundag 10. desember kl 11.00 blir det adventsmøte på Betel! Møyfrid Lunde vil ha andakt for oss. (Siste gong før Møyfrid dessverre flyttar frå Kviteseid rett etter nyttår.) Etter møtet blir det deilig jolelunsj i kjellaren. (Så då slepp vi å laga anna middag denne dagen.. 🙂 Sett av datoen. Inviter gjerne med ein ven. Velkomen!
Kategoriarkiv: Innlegg
Møte med Soul Children
Sundag 12. november blir det møte kl 17.00 (Merk tida!). Åsbjørg har andakt og vi får besøk av Kviteseid Soul Children! Etter møtet blir det servert bollar og saft/kaffi. VELKOMEN!
Møte med Johan Hammerich
Sundag 29. oktober kl 18.00 ønsker vi velkommen til møte att! Vi får besøk av Johan Hammerich, og han skal tale om BØN. Det blir også nattverd, song, kollekt, og fellesskap med kveldsmat rett etter møtet. Alle som vil er også velkommen til bønnemøte kl 17.00.
Hausten 2023
Vi er veldig glade for å fortelje at det blir sundagsmøter att på Betel. Håpar akkurat du har lyst å kome!
Nytt semester er i gang
Velkomen til eit nytt år i Kviteseid MIsjonskyrkje!
Vi saknar felleskapet på Betel og er klare for å starte opp att med meir møteverksemd dette semesteret!
Bønnemøta startar opp att kvar onsdag frå og med 23. august.
Vårt første sundagsmøte blir sundag 3. september kl 18.00. Dette blir eit menighetsmøte der vi bruker tid på å snakke saman om kva vi treng/lengtar etter/ønsker oss for møta denne hausten. Vi blir veldig glade dersom så mange som mogleg har høve til å bli med her!
Mot slutten av denne samlinga skal vi også ha eit kort ekstraordinært årsmøte for å velje revisor for dette årets rekneskap. Vi kjem til å spørje ein kanditat på førhand til dette. Denne meldinga er formell innkalling til dette.
Velkomen!