Kategoriarkiv: Innlegg

Innkalling til menighetsmøte på Betel 1. mai kl 17.

Saksliste:

1. Idedugnad og planleggjing av dugnad for uteområdet rundt Betel

Innan menighetsmøtet er venteleg gravearbeidet rundt Betel allereie ferdig, og vi kan gå igang med å ordne til den nye «Betelhagen». Korleis har vi lyst til å ha det, og korleis organisere arbeidet?

2. Visjon for Kviteseid misjonsmenighet

Det er nå et år sidan menighetsmøtet der vi hadde besøk av Egil Torp, og delte ulike draumar og visjoner for menigheten. Fleire nye ting har skjedd sidan den gong. Husfellesskap er starta opp som eit svar på behovet for livsnære fellesskap, menigheten samarbeider med Fredheim om disippelgjering av ungdom, og diakonirådet har allereie blitt ein viktig arena for praktisk omsorg i menigheten. Mange ting å feire! For ikkje å gløyme alt det gode arbeidet som leggast ned i menigheten sine «gamle» aktiviteter!

Samstundes er det tydeleg at vi som menighetsmedlemmar har ulike meiningar om praktiske ting som bygg, pastor og kva aktiviteter ein skal satse på. Særleg vanskeleg er det å ta val som inneber at noko blir valgt bort. Men dette unngår vi vel ikkje om vi skal velje løysing for bygg, for pastor og jamvel for aktiviteter utan å slite oss ut på sikt.

Då er det viktig at vi som menighet veit kvifor vi er til, og kva som er aller viktigst for oss. Så vi vil gje fylgjande utfordring: Kva ville du svare om du måtte svare nokså kort på spørsmålet: Kva er grunnen til at organisasjonen Kviteseid misjonsmenighet er til? (ikkje historisk årsak, for alle organisasjoner kan leggjast ned. Men kvifor ynskjer vi å eksistere her og no?)

3. Eventuelt

Ver med i bøn for møtet og samtalen!

Vil du vere med og påvirke vegen vidare for Kviteseid misjonsmenighet?

I 2010 hadde vi fleire samtaler om vegen vidare for menigheten i fleire menighetsmøte og styremøte. Eg har forsøkt å oppsummere og sytematisere det som blei trukke fram på desse møtene, og har samla innspela i fem hovudpunkt med underpunkt.

  • Bønn – Bønn er nøkkelen!
    • Utvikle bønne- og forbønnstjenesten
  • Menighetsfellesskapet – byggje eit kjærleg, opent og inkluderande menighetsfellesskap.
    • Visjon: Menigheten som smakebit av Jesus
    • som inspirerer til frimodighet og teneste for andre
    • som viser borna kva menighet kan vere og bety
    • som stadig rekrutterer nye inn i fellesskapet
    • som oppleves godt å komme inn i «utenfra» for «kven som helst»
  • Bygge og nære relasjoner til folk utenfor menigheten
    • Byggje ned grøfta mellom folk med tilhørighet til ein menighet og «dei andre»; knuse fordommer, byggje bruar
    • Frimodig markedsføring av menighetens virksomhet. Gi folk ein oppleving av å vere velkomne og husvarme hjå oss
  • Arbeide vidare med gode løysingar på åndeleg leiarskap/pastorfunskjon
  • Finne og utvikle vidare gode løysingar for lokale for virksomheten

Desse punkta er som de ser noko ulike, både i tema og omfang. Nokre går på overordna mål for menigheten, andre på midlar for å nå målet. På styremøta i vår vil vi drøfte kvar av desse fem hovudpunkta. På vårens to fyrste møter har vi drøfta lokale- og bønearbeid, sjå styrereferat. Gjennom dette arbeidet håpar vi å ta nokre konkrete steg i riktig retning, men vi håpar og at den kan modnast fram ein samlande visjon/nokre samlande visjoner for menigheten.

Har du noko på hjertet i høve til dette? Er det noko viktig vi har gløymt eller oversett? Er det noko som gir ekstra gjenklang hos deg? Du har fleire mogelegheiter til å gje innspel og respons!

  • Skriv ei tilbakemelding til denne artikkelen
  • Ta kontakt med ein i styret
  • Møt opp på menighetsmøte 1. mai kl 17 og si di meining

Påminning om innsamling til Vegårtun


Før jol lyste vi ut ei innsamling til det nye internatet på Vegårtun, misjonsforbundet sitt leirsted. Målet var å nå 15 000,- frå Kviteseid misjonsmenighet, som kvalifiserer til at menigheten får eit eige rom oppkalt etter seg. Ved årsmøtet var det kommet inn 4 000,-. Vi gjev ikkje opp målet, og sender med dette ut ei påminning. Har du glemt å gje, eller vil du gje ei ekstra gåve?

Gåver til Vegårtun settes inn på menigheten sin konto 2660.20.17450, men merkes med «Gåve til Vegårtun». Med til dømes 500 kroner frå kvart medlem er vi godt i mål.