Kategoriarkiv: Innlegg

Oppstart av cellegrupper på Betel

Sundag 29. august kl 19 blir det eit møte på Betel med fokus på etablering av cellegruppe(r) i menigheten. Alle er velkomne, også om du ikkje har meldt deg på eller tenkt å melde deg på cellegruppe. Ynksjer du å melde deg på nå, finn du påmeldingsskjema her.

Vi i styret trur det å ta del i eit mindre gruppefellesskap med fokus på livet som disippel er ein viktig og riktig prioritering. Vi ynskjer å byggje åpne og inkluderande fellesskap der den einskilde kan oppleve å bli sett og verdsatt slik som ein er, og samtidig få tene andre. Ved bruk av bibel og bøn kan eit slikt fellesskap vere eit viktig redskap for å vakse inn i eit stadig sterkare disippelfellesskap med Kristus. Sjå og tidlegare artikkel.

Velkommen til ein spennande haust i Kviteseid misjonsmenighet!

Enten du er ny og ukjend med menigheten vår eller husvarm og lommekjend, ynskjer vi deg velkommen til ein spennande haust med aktiviteter i og utanfor huset vårt, Betel. Vi har fast bønemøte kvar onsdag, fyrste gong 18. august. Fyrste sundagstreff (møte for heile familien) blir sundag 22. august, der dei som byrjar i 1. klasse er særskild velkomne og kan vente seg ei lita gåve frå menigheten. Merk også tida for menighetsweekend, som er laurdag 23. til sundag 24. oktober.

Speidaren startar opp med møte når fotballen avsluttar. Passpåklubben er stadig i virksomhet, og dersom du vil bli med tar du kontakt med ein av leiarane.

God sommar!

No blir det stille på Betel eit par månader, men slett ikkje på Passpåhamni! No er det trialsesong!

Eg kan også varmt anbefale eit besøk på Nissedal bibelcamping eller Liv & Vekst i Stavern, sjå kalenderen for meir info.

Om du skal planleggje hausten i sommar; ikkje gløym menighetsweekend 23.-24. oktober! Plassen er førebels litt hemmeleg, men vi trur helga vil inneholde moro for alle aldrar. Vi drøymer og om gode samtalar og at det blir bygd venskap og fellesskap.

Ein riktig god sommar til alle! Ikkje gløym at det er Gud som skaper sommaren og 🙂

Tilbod om å vere med i fellesskapsgruppe!

Vi i Kviteseid misjonsmenighet ynskjer at alle som vil skal få muligheten til å delta i et mindre gruppefellesskap som møtast regelmessig. Målet med eit slikt fellesskap er å hjelpe kvarandre til å leve eit liv i Jesu fotspor («disippelgjering» med eit moderne uttrykk). På vanlege kristne møte går kommunikasjonen ofte ein veg. I ei mindre gruppe kan vi bryne oss på kvarandre og på Bibelen på ein annan måte. Viktige element i ei slik gruppe vil då vere:

– Eit eller anna fast studieopplegg med utgangspunkt i Bibelen

– Dele med kvarandre frå eigne liv

– Bøn og forbøn

Vi i styret går no før sommaren ut med ein invitasjon til å melde seg interessert i å delta i gruppe frå hausten. På meldeskjemaet kan du mellom anna skrive inn ynskjer for samansetning og tema. Ei gruppe treng og både leiar og nestleiar, så om du kan tenke deg det så svar Ja på utfordringa. (Styret vil legge til rette for opplegg, så gruppeleiarens hovudoppgåve er å leie sjølve gruppemøtet).

Påmeldingsskjemaet finn du her.

«Alle fem» – CD-slipp i Kviteseid.

Coveret frå den fyrste CDen til "Alle fem"

Det blir fest for heile familien når «Alle fem» alias familien Røyland kjem til Kviteseid sundag 6. juni. Releasekonserten blir i gymsalen på Kvitsund kl 16, etterfulgt av matsal frå russen. Inngangspenger 50 kr per pers, 100 kr per familie. Vi er takknemlige for at Familien Røyland gjer denne konserten til heimbygda. Overskuddet av inngangspengene går til Jakobs Hus i Colombia, overskuddet av matsalet går til russens misjonsprosjekt i Mongolia.

Ungar som ynskjer å vere med og danse, kan møte på Kvitsund same dag kl 11-12 for å vere med på danseøving.