Alle innlegg av Olav Holm

Tilbod om å vere med i fellesskapsgruppe!

Vi i Kviteseid misjonsmenighet ynskjer at alle som vil skal få muligheten til å delta i et mindre gruppefellesskap som møtast regelmessig. Målet med eit slikt fellesskap er å hjelpe kvarandre til å leve eit liv i Jesu fotspor («disippelgjering» med eit moderne uttrykk). På vanlege kristne møte går kommunikasjonen ofte ein veg. I ei mindre gruppe kan vi bryne oss på kvarandre og på Bibelen på ein annan måte. Viktige element i ei slik gruppe vil då vere:

– Eit eller anna fast studieopplegg med utgangspunkt i Bibelen

– Dele med kvarandre frå eigne liv

– Bøn og forbøn

Vi i styret går no før sommaren ut med ein invitasjon til å melde seg interessert i å delta i gruppe frå hausten. På meldeskjemaet kan du mellom anna skrive inn ynskjer for samansetning og tema. Ei gruppe treng og både leiar og nestleiar, så om du kan tenke deg det så svar Ja på utfordringa. (Styret vil legge til rette for opplegg, så gruppeleiarens hovudoppgåve er å leie sjølve gruppemøtet).

Påmeldingsskjemaet finn du her.

Sommarfest!

.

Alle deltakarar og leiarar på menigheten sine ulike aktiviteter er velkomne til menigheten sin sommarfest, sundag 20. juni kl 12. Festen er på Sundvang sitt uteområde, og/eller inne på Betel avhengig av veret. (Altså ikkje på Tveitegrend grendehus som det blei annonsert på Speidaravslutningen).

Det blir mellom anna leik, andakt og grilling. Tak med eigen grillmat og campingstolar/bord.

«Alle fem» – CD-slipp i Kviteseid.

Coveret frå den fyrste CDen til "Alle fem"

Det blir fest for heile familien når «Alle fem» alias familien Røyland kjem til Kviteseid sundag 6. juni. Releasekonserten blir i gymsalen på Kvitsund kl 16, etterfulgt av matsal frå russen. Inngangspenger 50 kr per pers, 100 kr per familie. Vi er takknemlige for at Familien Røyland gjer denne konserten til heimbygda. Overskuddet av inngangspengene går til Jakobs Hus i Colombia, overskuddet av matsalet går til russens misjonsprosjekt i Mongolia.

Ungar som ynskjer å vere med og danse, kan møte på Kvitsund same dag kl 11-12 for å vere med på danseøving.

Velkommen til møte og menighetsmøte 9. mai!

Menighetsrådgjevar Egil Torp

Program for dagen:

1100:  Åpent formiddagsmøte med Egil Torp

Kaffe

Menighetsmøte. Aktiviteter for borna.

1400: Middag

Saksliste for menighetsmøtet:

  • «Korleis ser drømmemenigheten ut?» – Samtale om visjoner for menigheten
  • «Kor blei det av pastoren?» – Samtale om hyrde/pastorfunksjon i menigheten.
  • «Kva er det vi held på med?» – Samtale om dei ulike aktivitetane i menigheten.
    • Leier aktivitetene våre oss mot visjonene? Bruker vi tid og ressurser godt?
    • Er det behov for å leggje ned aktiviteter, leggje om eller starte opp nye?
    • Samarbeid med andre menigheter/grupperingar knytta til aktiviteter
  • «Kva treng vi for å gjere det vi vil?» – Samtale om bygg og eigedom. Korleis utvikle og bruke bygg og eigedom, eiga og andres, vidare i teneste for menigheten?

Møt opp og ver frimodig på eigne tankar og meiningar! Di røyst er viktig!

Egil Torp er ansatt som menighetsrådgjevar i misjonsforbundet, og vil være til stades også under menighetsmøtet.