Misjonsprosjektet vårt: Jakobs hus i Colombia

Borgerkrig, narkotika og kriminalitet er ein del av livet for mange i Colombia, og svært mange barn og unge lid under ringverknadene av dette.  Jakobs hus samarbeider med det colombianske barnevernet om å gje barn som er utsette for omsorgssvikt, eller av andre grunnar ikkje kan bu saman med familien sin, trygge oppvekstvilkår. 

Jakobs hus er ein gard som ligger rett utanfor hovudstaden Bogotá. Her er det fredeleg og roleg, dei har kjempefin utsikt, fotballbane, leikeplass og ein skule rett i nærleiken. Eit team av psykologar, pastorar, lærare og miljøarbeidarar hjelper barna med bearbeiding av vanskelege hendingar. På Jakobs hus er det rom for å gråte og le, leike, dagdrøyme og gå på skule. Her får barna være barn, og dei får den omsorgen og oppfølginga dei treng. Det blir også arbeidd tett med familiane gjennom foreldrekurs og rettleiing. Der det lar seg gjere er familiegjenforeining målet. 

Kvar gong vi har møte i Kviteseid Misjonskyrkje samlar vi inn pengar til Jakobs hus.  

Dersom du ønsker å gje ei ekstra gåve til Jakobs hus, kan du gjere dette via lenka under. Du kan velje mellom å gje eit eingongsbeløp eller å teikne deg som fast gjevar. Du kan også oppgje personnummeret ditt dersom du ønsker skattefrådrag for gåva di. 

Colombia – Jakobs Hus, La vega (mknu.no)  

Takk for at du er med å gje framtid og von til born i Colombia!