Den 12. april bestemte styret via telefon/nett at Sigrid Lofstad og Olav Holm sendes som representanter for menigheten til misjonsforbundets generalforsamling 2010.
Generalforsamlingen er 13.-16. mai i Oslo misjonskirke Betlehem. Les meir her.
Den 12. april bestemte styret via telefon/nett at Sigrid Lofstad og Olav Holm sendes som representanter for menigheten til misjonsforbundets generalforsamling 2010.
Generalforsamlingen er 13.-16. mai i Oslo misjonskirke Betlehem. Les meir her.
Sundag 18. april har vi ikkje familiemøte på Betel, men vi besøker Bø normisjon sitt familiemøte i staden! Dei har nyleg utvida lokala sine, og vi håpar derfor dette besøket kan vere til informasjon og inspirasjon for oss. Sjå og bonormisjon.no
Me satsar på felles reise frå Betel kl 1600.
Det er påske, og tid for undring og glede over Kristus og det han gjennomlevde og gjennomleid for oss. Da eg var yngre trur eg eg tenkte at eg kom til å skjøna meir av dette etterkvart som eg vart eldre. Mi erfaring er at eg skjønar mindre og mindre. Men eg har meir og meir trong for ein Gud og ein frelsar som lid med dei som lid, lid for smertene og synda i mitt eige og andre sine liv. Men eg treng og så sårt ein frelsar som gjennom sitt liv og sin oppstode forkynner håp for dei håplause, trøst for dei sørgjande, liv gjennom død.
Verda vår er full av grunnar til sorg og bekymring. Trusselen om øydeleggjing av miljøet er ei bekymring som er blitt eit felleseie dei siste åra. Og erkjennelsen av at vi har levd og lever ei livsstil som leier til øydeleggjing og død, er ikkje lett å ta inn over seg. Nokre kan verte freista til å melde seg ut og seie at det ikkje nyttar. Andre gjør heiderlege forsøk på å redde verda, og det er vel og bra! Men motløysa kan ta ein når ein ser at sjølv om ein gjer alt ein maktar, går både ein sjølv og verda i feil retning.
Inn i all vår ondskap og alt vårt strev kjem Guds svar: ein inderleg lidande og samtidig seirande Kristus. Han visar oss at livet vårt er full av feilgrep, og er tydeleg på at vi mennesker er årsak til andre mennesker si smerte. Vi er kalt til å vende oss bort fra dette, og setje andre høgare enn oss sjølve. Men håpet vårt står ikkje til vårt eiga strev av ulikt slag, men til Gud, som har lova å ein gong skape ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur, og som ynskjer å ha nært fellesskap med oss – så nært at han kallar oss for sine barn.
Ha ein god påske!
Semesterprogrammet for våren er no klart, og ligg her. Med atterhald om små endringar.