Velkommen til menighetstur til Fjone 23.-24. oktober!

23.-24. oktober reiser menigheten på tur til Nissedal! Turen vil koste om lag 250,- for voksne, halvparten for born, som inkluderar felles måltider,  jolle(!) og seng i hytte eller leilighet.

Avreise frå Betel lørdag kl 11 for dei som vil ha med seg en tur til Pipo i Treungen. Dei som ynskjer å reise rett til Fjone, reiser 1315 fra Betel slik at dei når 14-ferga over sundet. Fyrste måltid på Nisser hyttegrend & Camping blir lunsj ca kl 1430. På sundag formiddag vil vi ha eit familiemøte i Bestestøga. Vi avsluttar med middag på Fjonesundet fergekafe ca kl 14.

Nisser hyttegrend og camping ligg idyllisk til ved Nisser, og inviterer til uteaktiviteter til lands og til vanns. Gode samtalar rundt peiskos og måltider håper vi og på.

Meld deg og dine på til ein i styret innan høstferien. Dette blir bra!

Speidaren startar opp att!

Alle som går i 2. klasse eller er eldre enn det er velkomne. Fyrste møte  tirsdag 05. oktober kl 1730 på Passpåhamni. Ta med kniv, kopp, varme klede, lykt og speidarskjerf om du har. Dersom du vil vere med, men ikkje kan kome fyrste gongen kan du kontakte ein av leiarane.  Før har 1. klassingar òg fått vere med, og det kan dei framleis dersom ein av foreldra kan vere med som hjelpeleiar.

Speidartur til Bukkøy-referat

Me var 12 born, 3 ledarar og ein hund på turen. Det var veldig gøy. Det var god stemning og nydeleg vèr nesten heile tida.

Laurdag:

Då me kom var det fyst mat. Så fann me ut kor me skulle sove. Etterpå var det aktivitetar. Imellom dei var det middag. Når det begynte å bli kveld gjekk me til det høgaste punktet på bukkøy. Så var det leirbål. Etter det skulle me eigentleg spele stratego, men dei minste var så trøytte at me gjekk og la oss.

Sundag:

Neste dag rydda me og bada mykje. Så drog me. Det var 15 gradar i vatnet på Laurdag og 16 gradar på sundag. Her er nokon bilete frå turen: