God sommar!

No blir det stille på Betel eit par månader, men slett ikkje på Passpåhamni! No er det trialsesong!

Eg kan også varmt anbefale eit besøk på Nissedal bibelcamping eller Liv & Vekst i Stavern, sjå kalenderen for meir info.

Om du skal planleggje hausten i sommar; ikkje gløym menighetsweekend 23.-24. oktober! Plassen er førebels litt hemmeleg, men vi trur helga vil inneholde moro for alle aldrar. Vi drøymer og om gode samtalar og at det blir bygd venskap og fellesskap.

Ein riktig god sommar til alle! Ikkje gløym at det er Gud som skaper sommaren og 🙂

-Pinseleiren var moro!

Kviteseid msk var på speidarleir på Atrå. Det var veldig moro.  Me var fire småspeidere og seks speidere.

Fyrste dagen var det postløp for småspeidarane og orientering og praktisk oppgåve for speidarane.

Andre dagen var det leikar for småspeidarane og postløp for storspeidarane.

Tredje dagen var det hinderløype for alle sammen. Det var veldig gøy. Til slutt var det premieutdeling.

Alle hadde det moro, det var ein vellukka speidarleir!

Tilbod om å vere med i fellesskapsgruppe!

Vi i Kviteseid misjonsmenighet ynskjer at alle som vil skal få muligheten til å delta i et mindre gruppefellesskap som møtast regelmessig. Målet med eit slikt fellesskap er å hjelpe kvarandre til å leve eit liv i Jesu fotspor («disippelgjering» med eit moderne uttrykk). På vanlege kristne møte går kommunikasjonen ofte ein veg. I ei mindre gruppe kan vi bryne oss på kvarandre og på Bibelen på ein annan måte. Viktige element i ei slik gruppe vil då vere:

– Eit eller anna fast studieopplegg med utgangspunkt i Bibelen

– Dele med kvarandre frå eigne liv

– Bøn og forbøn

Vi i styret går no før sommaren ut med ein invitasjon til å melde seg interessert i å delta i gruppe frå hausten. På meldeskjemaet kan du mellom anna skrive inn ynskjer for samansetning og tema. Ei gruppe treng og både leiar og nestleiar, så om du kan tenke deg det så svar Ja på utfordringa. (Styret vil legge til rette for opplegg, så gruppeleiarens hovudoppgåve er å leie sjølve gruppemøtet).

Påmeldingsskjemaet finn du her.

Sommarfest!

.

Alle deltakarar og leiarar på menigheten sine ulike aktiviteter er velkomne til menigheten sin sommarfest, sundag 20. juni kl 12. Festen er på Sundvang sitt uteområde, og/eller inne på Betel avhengig av veret. (Altså ikkje på Tveitegrend grendehus som det blei annonsert på Speidaravslutningen).

Det blir mellom anna leik, andakt og grilling. Tak med eigen grillmat og campingstolar/bord.