Kven er vi?

Kviteseid Misjonsmenighet er tilslutta Det Norske Misjonsforbund, som ein av ca 100 sjølvstendige menighetar og foreningar over heile landet. Det er rundt 8.500 medlemer.

Misjonsforbundet vart stifta i 1884 –  og har heile tida drive evangelisk arbeid både i Norge og i Kina, Congo, Hong Kong og Colombia.

I Kristiansand driv Misjonsforbundet Bibelskule og Høgskule, Ansgarskulen.

Kviteseid Misjonsmenighet og Misjonsforbundet har som visjon  «Guds barns enhet og menneskers frelse.»

Kviteseid Misjonsmenighet blei stifta hausten 1940, og har vore i virksomhet i 70 år.  Dei fyrste åra hadde ikkje menigheten eige hus, og fekk leige eit hus som vart kalla «Avholdslokalet».   I 1953  sto Betel ferdig, og den dagen huset vart innvigd, starta ein stor vekkelse, som varte i fleire år.  Ingulf Diesen kom som ung forkynnar hit, og  fekk vera med på dette.   Nå, i 2010, 57 år seinare er Ingulf fortsatt i arbeid for Guds rike. Han er kanskje den som har betydd mest for Betel gjennom desse åra.  Men det har også vore mange andre  forstandarar og forkynnarar som har gjort ein stor innsats gjennom kortare og lengre tid.

Dei siste åra har vi ikkje sett oss i stand til å ha forstandar i fast stilling.  Vi inviterar forkynnarar frå andre menighetar til å koma å tale hos oss ein eller to gonger i året. Dette har gått bra, og vi har høyrt mange gode taler!  Nå har vi sundagstreff  2 gonger i månaden. Det er eit møte som passar for heile familien. Det startar kl 17.00 med opplegg for ungane.             Etter ca ein time, går dei i kjellaren og leikar eller ser på Barne TV, under tilsyn av vaksne.  Då fortset det oppe med tale og sang, før alle samlast i kjellaren til kveldsmat og prat.        Det er desse møta som samlar så mange, at vi har planar om å utvide huset. (Sjå under Betelbygget)  Du som les heimesida vår, ser også at vi driv både speidararbeid og ungdomsklubb med Trialkøyring.  Til dette har vi eit flott område i Passpå havni som er i bruk kvar veke. Takk til Leif Theodor som let oss få behalde dette – sjølv om han flytta.            Vi har akkurat hatt årsmøte nå, og nytt styre er på plass. Ver med å be for styret og alt arbeidet som blir lagt ned kvar veke på Betel.