Alle innlegg av Ane Holm

Årsmøte 09. februar kl 1700 på Betel

Velkomen til årsmøte i Kviteseid Misjonskyrkje! Det vert vanlege årsmøtesaker som gjennomgang av årsmelding og regnskap, samt val av nye styremedlem. Det vert høve til å tenkje høgt kring arbeidet i kyrkja vår og vegen vidare. Styret ynskjer at flest mogleg møter opp! Alle er velkomne til kome og seie kva dei meiner, men du må vere medlem for å røyste. Enkel servering med kake og kaffe.

Kanotur 4.-5. september!

Vi drar på speidartur til Bukkøy 4.-5. september. Det blir padling, leirbål, scouts own, overnatting ute og div. speidaraktivitetar. Håpar alle speidarar frå 4. klasse og oppover blir med. Møt opp på Kvitsundstranda laurdag 4. sept. kl. 1130. Vi er nok attende ca kl 14 neste dag. Pris: 50 kr.

Ta med:

Lommelykt

Bestikk, tallerken, kopp

Redningsvest/flytevest om du har

Brødmat til 4 måltid, eit pålegg

Evt. badetøy/handkle

Sovepose, liggeunderlag

Kniv, skjerf, speidargenser om du har

Gjerne leik/sketsj/sang el. likn. til leirbålet

Klesskift, ekstra klær til kald kveld/natt

Evt. regntøy/støvlar el fjellsko

Treng du meir nøyaktig liste, sjå her.