Alle innlegg av Aslaug Tormodsvik

Saksliste til årsmøte, sundag 20. januar 2013

Årsmøte tek til kl 17 med felles pizzamåltid !

Sak 1. Årsmelding ved Aslaug

Sak 2. Menighetens rekneskap ved Ove S

Sak 3. Undergruppene: Fredagssamlingane ved Sigrun

Passpåklubben ved Anlaug

Speidaren ved Aslaug

Sak 4. Valkomiteen si utgreiing ved Sverre og Ove L

Sak 5. Vidare renovering/oppussing av huset ved Anders og Øystein

Sak 6. Nye stolar

Sak 7. Andre ting

Vel møtt til årsmøte, alle som har lyst ! Medlemer har stemmerett – andre bare uttalerett !

Styremøte, 8. januar 2013, hjå Anlaug

Desse møtte : Anders, Øystein, Anlaug og Aslaug

Valkomiteen ved Sverre og Ove L, var og kalla inn.

Anlaug yngste velkomen og las frå ei andaktsbok.

Sak 1.  Fyrst fekk valkomiteen ordet. Dei la fram stoda når det galdt nytt styre for 2013. Det var ikkje enkelt å få nokon til å vera med, men etter nokre telefonar og litt samtale, ser det det ut til å ordne seg i år og. Deretter forlet Sverre og Ove styremøte.

Sak 2.  Signe Turid og Aslaug har vore hjå Byggmakker i Seljord og sett på nytt kjøkken. Me har pris og datateikningar på dette. Det som kjem i tillegg er ventilator og kjøkkenkran. Det er innhenta pris på foldedør. Rørleggar- og elektrikararbeid, samt måling m.m. har me ein ca pris på. Me har nå ein omtrentleg pris på kva det vil koste å renovere det eksisterande huset vårt. Men ein del tillegg vil det alltid koma. Me undersøker og kva eit lån på ca 15o tusen vil koma på. Det vert stemmt over dette på årsmøte. Me vart samde om å  kjøpe ny oppvaskmaskin, dersom den er rimeleg rask. Anders tek seg av dette. Det er kjøpt inn ny kaffetraktar.

Sak 3.  Da me nå har to TV apparat som kan brukast, må me som «næringsverksemd», betale to lisensar i året. Dette kostar ein del pengar. Me kan søke om «dispensasjon» men det er eit tungrodd system, så me vel å betale.

Sak 4. Det vart sett opp saksliste for årsmøte, som er sundag 20. januar, kl 17.

Sak 5.  Det vert eit felles bønemøte i år, mot tre tidlegare. Dette vert på Betel, onsdag 23. jan. kl 20.

Sak 6.  Me har vel 74 tusen på «stolkonto». Basardamene/stolkontokomiteen ynskjer innspel når det gjeld val av stoltype !

Sak 7.  Dersom det let seg gjera, vil dei tre konfirmantane våre, bli presentert på møte 10. februar.

Sak 8.  Skal me halde fram med å sende pengar til «Jacobs Hus» ? Årsmøte avgjer.

Sak 9.  Anlaug legg inn møta fram til 10. februar på Betelnett.

 

Møtet var avslutta med bøn !

Styremøte, 20.november 2012

På styremøte, 20.nov. 2012, møtte; Anlaug, Anders, Øystein og Aslaug

Møte var som vanleg innleia med Guds ord og bøn!

Det var ein komentar til referat frå styremøte, 16.okt.-12 !

Styret vedtok på dette møte, at me skulle kjøpe inn «gatebukk » og tromme som fredagsklubben skal bruke.

Dette er nå gjordt.

Sak 1 : Det har kome inn prisoverslag frå Ingvald Sigurdslid, ang. ombygging av del av leiligheten som kan brukast som sal,

samt nytt kjøkken i kjellar. Anders undersøker pris på ny, rask oppvaskmaskin og styret skal samlast på Betel for å sjå på moglegheten for å lage nytt kjøkken der kontoret er nå. Det må innhentas pris på kjøkkeninnreiing og kva rørleggararbeidet vil koma på. Me må og ha pris på foldedør frå Lun Vel.

Aslaug undersøker med banken kva eit lån på 150/200 tusen vil koma på. Ho sjekkar og moglege tilskotsordningar.

Sak 2:  Styret har vedteke å undersøke med Misjonsborbundet Ung (speidaren) og Trailklubben, som har ein del pengar dei ikkje brukar. Kan nokre av desse pengane overførast til menigheten ? F. eks til «stolkontoen» ?

Sak 3:  Undersøke pris på stolar til neste styremøte i januar – 13.

Sak 4:  Seta opp datoar for sundagstreff i vårhalvåret. Årsmøte vert sundag 20. januar. Anlaug går inn i sundagstreffkomiteen etter Olav.

Sak 5:  Presentasjon av konfirmantane vert til vinteren.

Sak 6:  Aslaug undersøker pris på og event. kjøper ny kaffetraktar.

Øystein kjøper skilt på veggen ute og belegg til trappa.

Sak 7:  Saksliste til årsmøte vert lagt ut på Betelnett !

Event.:   Anlaug las brev frå Misjonsforbundet.

 

Styremøte, 16. oktober -12

Desse møtte : Anders, Anlaug, Øystein og Aslaug.

Aslaug yngste velkommen med bibelord og bøn.

Sak 1 : Basaren var fyrste post på programmet. Alle var fornøgde med resultetet og neste steg er å undersøke stoltyper og prisar.

Sak 2 : Ombygging av huset.

Når det gjeld utviding av salen, ved å slå ned veggen til stoga, rive ned pipa og peisen, samt oppussing/utviding av kjøkkenet, vil me innhente ein pris på dette. Håpar at nokon er villige til å taka på seg denne jobben ! Anders og Øystein tek seg av dette. Styret ynskjer ikkje å innhente pris på riving av det allereie oppussa arealet. Me vil da miste både garderobe og lagerrom, noko som er viktig å ha.

Sak 3 : På fellesmøta i 2013, er det Betel som har ansvaret for talaren. Jon Ultvedt har lova å både tale og synge !

Sak 4 : Vi har tre jenter som fylgjer «Tentro» undervisninga på Fredheim, 2012/13. Me vart spurt om å vera med å dele på utgiftene til dette. Det vil me sjølvsagt og betalar 20 tusen kroner til Fredheim. Det vert forbønn for desse tre på Betel, sundag 9. desember.

Sak 5 : Leirstaden vår på Vegårtun, feirar 50 års jubileum, helga 24 – 25. november. Me er bedne inn til jubileumsfest !

Sak 6: Søndag 28. oktober ,vert det ikkje møte på Betel. Da møter vi opp på Fredheim for å høyre Trygve Wickstøl.

Nestestyremøte vert 4. desember kl 20, hjå Aslaug