Desse møtte : Anders, Anlaug, Øystein og Aslaug.
Aslaug yngste velkommen med bibelord og bøn.
Sak 1 : Basaren var fyrste post på programmet. Alle var fornøgde med resultetet og neste steg er å undersøke stoltyper og prisar.
Sak 2 : Ombygging av huset.
Når det gjeld utviding av salen, ved å slå ned veggen til stoga, rive ned pipa og peisen, samt oppussing/utviding av kjøkkenet, vil me innhente ein pris på dette. Håpar at nokon er villige til å taka på seg denne jobben ! Anders og Øystein tek seg av dette. Styret ynskjer ikkje å innhente pris på riving av det allereie oppussa arealet. Me vil da miste både garderobe og lagerrom, noko som er viktig å ha.
Sak 3 : På fellesmøta i 2013, er det Betel som har ansvaret for talaren. Jon Ultvedt har lova å både tale og synge !
Sak 4 : Vi har tre jenter som fylgjer «Tentro» undervisninga på Fredheim, 2012/13. Me vart spurt om å vera med å dele på utgiftene til dette. Det vil me sjølvsagt og betalar 20 tusen kroner til Fredheim. Det vert forbønn for desse tre på Betel, sundag 9. desember.
Sak 5 : Leirstaden vår på Vegårtun, feirar 50 års jubileum, helga 24 – 25. november. Me er bedne inn til jubileumsfest !
Sak 6: Søndag 28. oktober ,vert det ikkje møte på Betel. Da møter vi opp på Fredheim for å høyre Trygve Wickstøl.
Nestestyremøte vert 4. desember kl 20, hjå Aslaug