Referat frå menighetsmøte på Betel sundag 9 september kl 17

Til stades: Sigrid og Ove Lofstad, Anlaug og Ove Solvang, Aslaug Tormodsvik, Anders Songe, Else og Morten Bech, Sigrun og Sverre Solvang, Olav Holm, Ane Holm (fyrste del) og Åsbjørg Hægeland (kun talerett).

Sigrid innleia med historia om Maria som sette seg ved Jesu føter frå Lukas 10. Som menneske er det mange gode og viktige ting vi kan gjera, slik som Marta gjer. Det likevel viktig å ta seg tid til å stoppe opp og lytte etter kva Jesus vil.

 1. Refererat frå Misjonsforbundet si generalforsamling 25.-27. mai

Sigrid Lofstad var menigheten sin delegat til generalforsamlinga, som vart halde i Arendal Misjonskirke. Dei har eit nytt og flott bygg i eit kommande boligområde.

Leiar i hovudstyret Anne-Wenche Hellem vart takka av. Ho har gjort ein kjempejobb. Ho utfordra deltakarane på at det er mykje åndelig lengsel i vår tid. Lever vi livet vårt som kristne slik at det skaper ein lengsel etter vår åndelighet? Ny hovudstyreleiar er Ove Gundersen frå Froland misjonskirke.

Hovudstyret brukar mykje tid på å fylgje opp Vekst 2020, og har eit særleg fokus på barn og ungdom. Misjonsforbundet ligg førebels godt an til å nå Vekst 2020-måla. Det skjer mykje positivt og er mykje optimisme i organisasjonen. Stabile gåveinntekter frå menighetane.

Det blei ein del debatt rundt ordlyden i eit nytt lovforslag knytta til trussamfunnet si rolle i organisasjonen. Vedtaksformuleringa blei «Medlemskap i menigheten er vanligvis knyttet til medlemskap i trossamfunnet. Personer som ønsker å beholde sitt juridiske medlemskap i et annet kristent trossamfunn, opptas som medlemmer på ellers like vilkår.»

Generalsekretær Jarle Råmunddal vart takka av, med mange lovord. Ny generalsektetær er Øyvind Haraldseid.

Det skjer og mykje i ytremisjonsarbeidet. Generalforsamlinga hadde besøk av tre frå Kongo, der kyrkja med utspring frå Misjonsforbundet har vekse seg mykje større enn Misjonsforbundet i Norge. I Colombia drivast det fortsatt mykje diakonalt arbeid, og det er planta 40 nye menigheter. Misjonsforbundet arbeider og i Kina, Sentralasia, Romania og Polen

Det veks stadig fram nye leiarar som kjem som delegater frå dei ulike menighetane. Neste gong kan det gjerne vere to delegater frå Kviteseid.

2. Neste trinn i oppussingsarbeidet

I samband med oppussinga har ein valt å rive delar av den gamle leiligheten.

Arealkisse for Betel med lillesal

Det vart fremma eit forslag om å nytte leiligheten som ein lillesal, og setje inn ein skiljevegg slik at ein kunne utvida hovudsalen ved behov. Om ein nyttar heile den delen av den gamle leiligheten som ligg bak hovudsalen som lillesal, kan ein ved behov få 40 ekstra sitjeplassar. Alternativt kan ein nytte berre den gamle stova, og få mogelegheit til å utvide hovudsalen med 20 sitjeplassar.

Det blei nemnt at det ikkje er nokon som ville stusse på om Betel hadde behov for å byggje for å få meir plass, og at utviding skaper entusiasme. Nokon pekte og på at det seiast at vekst i møtedeltaking stoppar opp når lokalet er 80 % fullt, og at det er nett det menigheten har opplevd i samband med sundagstreff. Andre meinte at det var andre faktorar som var viktigare for at veksten stansa opp.

Fleire pekte på at det største oppusingsbehovet no er på kjøkkenet, som er svært lite praktisk for si bruk.

Det blei foreslått å se nærare på dei ulike alternativa før ein bestemmer seg. Det er viktig at ein i berekningane ikkje baserer seg på mest mulig dugnad, men tar med realistiske anslag der alle kostnadane er med. Det blei sett fram to forslag til utgreiing. I det eine forslaget var ideen med å slå ut heile bakveggen i møtesalen tatt vekk, fordi ein nettopp har gjort oppussingsarbeid i denne delen av den gamle leiligheten. Det mest radikale forslaget blei stemt over fyrst, og vart vedtatt med 6 mot 5 stemmer. Vedtaket er: «Vi greier ut kor mykje kjøkkenoppussing og utslåing av halve og heile bakveggen vil koste, med eventuelle dugnadstimar. Kjøkkenet utvidast, men noko lagringsplass behaldast. Vi tar vidare stilling til saken på neste årsmøte.»

3. Status for oppussingsarbeidet

Oppusing av inngangsparti, gang og toalett er no på det meste ferdig. Ny tram med tilkomst frå parkeringsplassen står att. Kleskrokar i gangen er ikkje betalt.

Så langt har oppussinga kome på:

Midtbøen Elektro kr 40.717,50

Seljord Elektriske » 34.168,-

Lun Vel » 23.747,50

Kviteseid Rørhandel » 19.221,50

Andre «små handel» » 3.037,-

Kviteseid Glassverkst. » 3.045,- (glas i nødutgang)

———————

kr 123.936,50

Menigheten har no omkring 114 000 kroner på konto.

4. Forstandar

Det er fremma eit forslag om å finne ein forstandar til menigheten.

Ove hadde undersøkt at ein forstandar vil koste menigheten 350-440 000 kronar årleg, pluss 10,6 % arbeidsgivaravgift. For tida ligg menighetens faste inntekter på 165 000 kr (Gaver og kommunetilskot) pluss renter og småinntekter. Dei faste utgiftene ligg på 100 000 kr

Det blei nemt at om menigheten skal få til dette, må medlemmene binde seg opp til faste øremerka givarbeløp. Det blei også nemnt at gode norskkunnskaper er viktig for ein eventuell forstandar.

Fylgjande forslag blei vedtatt med 10 mot 1 stemme: «Saken om pastor utsetjast til etter at det er gjort konkrete vedtak i sakene om oppussing av kjøkken og utviding av møtesal.»

 5. Husfellesskap

Ideen om husfellesskap i menigheten på tvers av generasjonane var god, men har etterkvart vore tung å drive. Me tek derfor pause frå husfellesskap i denne forma.

 6. Andre aktiviteter i menigheten

I passpåklubben har me fått 5 gutar frå Kvitsund til å vere med og leie saman med Tor Olav, og til å halde andakt. Me held fram med samlingar annakvar/tredjekvar torsdag.

Fredagssamlingane har og kome igang, med god hjelp frå ein stor gruppe Kvitsundelevar og Svein Heggtveit. Rolf Inge blir med på eit par samlingar. I tillegg er ulike foreldre med og bidreg på matlaging, ledelse og andakt.

Familiespeidinga si vidare skjebne er framleis usikker.

Det blir basar laurdag 29. september til inntekt for nye stolar i møtesalen.

Møtelista nærmar seg klar, med mange fine møte utanom sundagstreffa. Møt opp, og ta med ein ven!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *