Basarreferat

Laurdag, 29.september, var det basar på Betel.

Inntekta skulle gå til nye stolar. Dei gamle er minst førti år !

Me fire damene som fann på dette, hadde selt lodd i sommar og haust. Signe Turid hadde brodera ein stor flott joleduk og

joleløpar og me hadde mange fine gevistar. Hovedgevinsten var ein Dabradio. Da me tok oss ein tur innom forretningane i Kviteseid for å «tigge» ein gevinst, var alle velvillige. Tusen takk for det ! Me selte årer i tillegg til lodd, på basaren. Kaker og kaffe fekk og folk kjøpe. Og folk kom og kjøpte ! Det var veldig moro ! Da me telte opp, hadde me fengje inn kr. 24 755,- netto !!!

I tillegg har me fengje ei gåve på 2000 kroner til stolane våre. Dette har overgjenge alle våre forventningar !

Tusen takk til alle som har støtta oss med gevinstar, loddkjøp og vore med på anna vis. Me er kjempefornøgde!

Signe Turid, Gunhild, Anlaug og Aslaug

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *