Alle innlegg av Anlaug Solvang

Sang og Musikkmøte!

Sundag 18.novbr kl 17.00 vert det sang og musikkmøte på Betel.  Me får besøk av sanggruppa «Godt Nytt» frå Øyfjell. Det er ei gruppe som har mykje fin sang og musikk. Håpar at mange kjem for å høyre på  dei denne sundags ettermiddag. For dei som har lyst og anledning blir det servera kaffe og kake i peisestoga etter møtet. Det vert ikkje noko langt møte så tak med barna og!

 

Basar laurdag 29.sept.kl 14.00

Denne dagen blir det basar på Betel til inntekt for nye stolar
i lokalet.
Her er mange fine gevinstar på bok, og det blir og åresal.
Sal av kaffi og kaker. Sang og musikk.
Me har ein gml vaskestol og emaljert fat som du kan gje bod på, minstebod er kr 500, gje bod dersom du har lyst på denne.
Kan du ikkje koma denne dagen, men har lyst til å gje ei gåve til
stolar er kto.nr. 2801 23 11879.
Velkomen på basar!!!
Helsing basardamene Gunhild, Aslaug, Signe Turid og Anlaug

Velkomen til samlingar på Betel

Nå er det tid for å starte opp att møteaktivitetane etter sommarferien. Håpar at både store og små har hatt ein fin sommar.
Søndag 19.aug kl 19.00 er det bønn og vitnemøte,og søndag 2.sept.
kl 11(merk tida) er me i gang med søndagstreffa att.
Hugs menighetsmøte søndag 9.sept.kl 17.00.
Be om at Jesus må få vera i sentrum for menigheten vår denne hausten!
Kvar onsdag kl 20.30 er det bønemøte.

Sommaravslutning

17.juni kl.12.00 på Kvitsund

Andakt ved Christian Nagy. Naturstig – Fotballkamp- Leikar- Grilling. Tak med stol og grillmat. Dersom det blir regn, er me på Betel. Alle er velkomne!

Ønsker alle ein god sommar med bibelversa filip 4. 4-7v.

Minner om Liv og Vekst i Stavern 10.-15.juli,  Nissedal bibelcamping 27.6. -8.juli og bibelcamping på Kvitsund Gymnas 1.-15.juli.

 

Påske 2012

Palmesøndag er det den tradisjonelle påskefrokosten på Betel.

Knut Ove Lofstad som er elev ved Ansgarskolen vil halde andakt for oss.

2.påskedag er det påskemøte med nattverd. Det blir tale av

Jan A.Danielsen.

Alle er hjarteleg velkomne til desse samlingane på Betel i påska!