Alle innlegg av Oddvar Hægeland
Menighetsmøte!
Menighetsmøtet som var tenkt 15. oktober er flytta til sundag 29. oktober kl. 17. Tema er Riv i hjertet – om kva vi tenkjer om Betel som menighet, kva som utfordrar oss og vår plass i lokalsamfunnet både som menighet og einskildpersonar. Det er også mogleg å kome med andre innspel. Det blir kort innleiing om temaet og samtale i grupper og i plenum. Impulsar frå møtet vil styret ta med seg vidare i sitt arbeid.
Undervegs blir det kaffe og kaker, og vi ordnar også barnepass i kjellaren.
Velkomen til noko som er svært viktig!
Informasjon frå styret ved semesterstart hausten 2017
Her kjem litt informasjon frå styret som i dag har hatt sitt første styremøte i haust.
- Møtelista for haustterminen er ikkje klar enno, men her er datoane for sundagstreffa: 24/9, 1/10, 22/10, 5/11, 19/11, 3/12 og 17/12 (Gunstein Draugedalen, julebord, kl. 11).
- I tillegg arbeider vi med nokre andre møte. Vi kunngjer møtetype og dato/klokkeslett når det er klart. 18/11 blir det i alle fall adventsmøte
- 15/10 blir det eit menighetsmøte. Førebels tema for dette er henta frå årets Liv & Vekst, nemleg Riv i hjertet. Vi ønsker å utfordre kvarandre på dette med å vere kvardagskyrkje der vi er. Det kan bli spanande. Sett av datoen allereie. Meir info kjem om temaet og tidspunkt.
- Rettleiinga for sundagstreffa blir revidert så pass på at du bruker den nyaste (merka med h17). Denne vil også liggje i permen som har infoskriv til talarane.
- Sundag 3/9 skjer det to ting som vi oppfordrar interesserte å delta på. Kl. 11 er det innsetting av den nye presten i Kviteseid (Møyfrid Lunde) med påfølgande samling på Misjonshuset. Kl. 17 er det eit møte på Fredheim om Fredagsklubben og felles ungdomsarbeid. Møt gjerne opp på dette!
- Sundag 17/9 er det eit felles songmøte i kyrkja kl. 18. Hilde Svela og Fredheimkoret blir med, og det blir kveldstankar med Møyfrid Lunde.
- Vi minner om at vi i styret gjerne tar i mot innspel om stort og smått! Kven er vi? Jo, det er Sigrid, Sigrun, Mari, Øystein og Oddvar. Vara er Anders (1) og Tone (2).
- Referat 3 mai 2017
Haustens første sundagstreff
Sundag 27. august kl17 startar vi med sundagstreff igjen. Jan Danielsen blir med som talar, og Tone Fosse skal ha barneandakt.
1.klassingane er spesielt velkomne! Dei skal få ei fin bok i gåve. Den handlar om Stine og Jørgens opplevingar i deira første skuleår.
Ta med deg ein ven eller fleire og møt opp!
Sommaravslutning sundag 18. juni kl. 11 på Heggtveit
Velkommen til årets siste samling. Det blir andakt ved familien Fosse, sang og aktivitetar for små og store. Ta med mat og drikke til deg og dine. Grillane står klare. Kaffi og kake dukkar opp etterkvart 🙂
For å finne fram: kjør forbi Tveitigrend og vidare mot Breidalen. Vi skal henge opp ballongar ved vegen slik at de ser kor vi er 🙂