Alle innlegg av Oddvar Hægeland
MØTE sundag 6. mars kl 19.00
Velkommen til møte! Vi samlast for å sjå ein episode frå Jesu liv på film. Serien «The Chosen» framstiller Jesu liv på jorda, og gjev både sterke og gode inntrykk. Alle velkommen!!
Møte sundag 27. februar kl 19.00
For somme av oss er vinterferien straks slutt, for andre har det kanskje vore ei vanleg veke. Uansett er du velkomen til møte på Betel sundagkveld kl 19. Vi samlast for å synge, lytte og be. Har du tankar eller opplevingar med Gud som du ønsker å fortelje om, så blir det rom for dette. Og ønsker du kun å kome for å kvile og ta imot, så er du velkomen til det.
ÅRSMØTE 13. februar kl 17.00
Velkommen til møte og årsmøte sundag 13. februar kl 17.00.
I år er vi så heldige å få besøk av Anne Margrethe Mandt-Anfindsen, vår menighetsrådgjevar frå Misjonskirken Norge. Samlinga kl 17 startar med at Anne Margrethe har ein andakt for oss. Deretter går vi over til sjølv årsmøtet. Under er saksliste for årsmøtet, samt lenke til forslag til årsmelding. Det blir også mat å få i løpet av samlinga. Hjarteleg velkomen!
Til orientering skal også styret ha ein lengre samtale med Anne Margrethe frå kl 12 denne sundagen. Dette gler vi oss til!
Saksliste årsmøte sundag 13. februar 2022 kl 17.00
1. Innleiing
2. Godkjenning av innkalling og val av referent og protokollunderskrivarar
3. Årsmelding og orienteringar frå Speidaren og Strikkekafeen
4. Rekneskap
5. Val til styret
Følgande personar er ikkje på val:
Åsbjørg Hægeland og Sigrun Lønning Solvang (Faste medlemmar i styret.)
Nils Arne Grutle (1. vara)
Følgande personar har takka ja til gjenval:
Ane Spikkeland Holm. (Faste medlemmar i styret.)
Tone Fosse (2. vara)
6. Val av valkomite og andre funksjoner
7. Samtale om arbeidet
8. Skal vi pusse opp salen i kjellaren dette året?
9. Eventuelt
Møte sundag 6. februar kl 18.00
Velkommen til ei enkel samling med fokus på håp og ny start! Vi møtes for å synge, høyre tekstar og dele liv og vitnesbyrd, samt ete kveldsmat saman. ALLE VELKOMEN!