Kategoriarkiv: Innlegg
Årsmøtet blir sundag 14.02.21
Vi samlast til eit enkelt årsmøte sundag 14. februar kl 19.00.
Bønnemøta er i gang
Frå og med veke 4 er bønnemøta kvar onsdag kl 19.30 i gang att! Vi har lov å vere inntil 10 personar. Dersom du ikkje kan kome, send gjerne bønneemne til tlf 97177684.
Den planlagte samlinga sundag 31. januar må dessverre utgå pga gjeldane smittevernstiltak. Vi oppmodar alle til å vere med på ein digital gudsteneste og/ eller lage eigne samlingar i heimen.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om vårhalvåret når det blir gjort endringar i smittevernstiltaka.
Avlyste arrangement
I tråd med gjeldande smittevernsreglar er alle arrangement på Betel avlyst inntil vidare. Vi håpar og ber om at situasjonen i landet vårt (og verda!) snart vil bli så god at vi kan samlast att. I ansvarslista for sundagtreffa her på heimesida vår, ligg dei planlagte arrangementa i vår. Nærare informasjon kjem.
Jolemøte sundag 20. desember kl 11.00
Årets siste samling blir sundag 20. desember kl 11.00 (merk tida!). Møyfrid Lunde kjem og har andakt for oss. Tone les ei joleforteljing for oss. Det blir mykje god song og musikk: solosang av Camilla, musikalsk innslag på fløyte og trombone, samt allsang med god musikk. Vi gjev også ei julegåve til borna på Jakobs hus i Colombia. Etter møtet blir det enkel servering i kjellaren. Vi følger smittevernsreglane og held avstand mellom ulike husstandar. VELKOMEN!