Kategoriarkiv: Innlegg

Bønnemøta er tilbake!

Dei faste bønnemøta på onsdagar kl 20.30 er starta opp att! Det er godt å kome saman med kvarandre og be! Vi har mykje å takke for, sjølv i desse tider, og mykje å be for, både lokalt, nasjonalt og globalt. Dersom du ikkje har høve til å kome på bønnemøta, men har bønnebehov; skriv ein sms til den som står på lista under, så tar vi det med oss inn i bønnemøtet.

13/5: Mari S.S. 970 69 102

20/5: Anlaug S. 992 48 419

27/5: Ane S. H. 936 72 392

3/6: Åsbjørg H. 971 77 684

10/6: Gunhild B. 915 19 521

17/6: Anlaug S. 992 48 419

Avlyste arrangement

Vi i Kviteseid Misjonskyrkje vil vere lojale mot tilrådingane frå Helsedirektoratet. Vi avlyser derfor alle arrangement inntil vidare. Men sjølv om til og med bønemøta blir sett på vent, vil vi ikkje slutte å be! Vi kan ha fellesskap med Gud og med kvarandre ved å vere i bøn kvar på vår stad. Vi treng det. Verda vår treng det.

Levande tru-seminar

Kviteseid Misjonskyrkje inviterer til seminar for alle som er opptatt av at neste generasjon skal utvikle ei levande tru på Jesus!

Sundag 2. februar kl 13.00 på Kviteseid Misjonshus

Seminaret passar for foreldre, besteforeldre og andre som er i kontakt med born og unge, og for alle som er engasjert i menighetsarbeid. Undervisninga blir ved Linda Andernach Johannesen. Ho er «levande-tro-konsulent» i Misjonskirken Norge, og har mellom anna skrive ei viktig bok med tittelen: «Hver tid teller. Når kirken utruster til slitesterk hverdagstro hos barn og unge.»

Matservering i etterkant av seminaret.

Felleskyrkjeleg familiemøte

same dag og stad kl 16.00.

Linda Andernach Johannesen deltek også på dette.

Velkomen!