Kategoriarkiv: Innlegg

Levande tru – bibliotek

Kva treng borna dine for at dei skal utvikle ei sunn og levande tru på Gud? Og kva treng du sjølv? Å lese gode bøker er ein av mange måtar å få næring til trua. På Betel har vi no ei eiga bokhylle som vi kallar «Levande tru – bibliotek». I denne bokhylla står det bøker som har betydd noko i livet til nokon av oss som går på Betel.  Bøkene kan lånast med heim! Det er bøker for små born, større born og for ungdom og vaksne.

Bøkene er i privat eige. Alle som vil, kan setje ned bøker dei ynskjer at andre skal få glede av. Gå gjennom bokhylla di og tenk over kva som har vore viktig for deg opp gjennom livet. Skriv namnet ditt framme i boka og sett den i «Levande tru – bibliotektet». Når du vil ha boka di med heim att, så hentar du den berre.. Dei som låner, skriv namnet sitt i ei utlånsbok. Her er ingen strenge lånereglar.. Bruk bøkene, både til deg og borna dine, eller som inpirasjon når du skal finne gode bøker å kjøpe som julegåver.