Godt nyttår!
Her er møtelista for våren:
Då har vi endeleg fått på plass nye offisielle logoar. Det har tatt si tid, men vi er svært nøgde med dei. Vi ber alle som bruker logoar, ta i bruk den nye grafiske profilen. Vi har logoar for trykt materiell og skjerm. Det ser veldig bra ut! Ta kontakt med Oddvar viss du treng logo. Ettersom vi no har logoane på plass, er også Kviteseid misjonskyrkje det offisielle namnet i Brønnøysundregisteret.
På sundagstreffet 19. november kom Johan Hammerich med ein bodskap til oss på Betel som han også har skrive. Han mottok det i bøn 4. oktober i år. Vi synest dette var veldig tankevekkande og inspirerande og vel difor å dele det her på nettsidene våre.
Sundag 27. august kl17 startar vi med sundagstreff igjen. Jan Danielsen blir med som talar, og Tone Fosse skal ha barneandakt.
1.klassingane er spesielt velkomne! Dei skal få ei fin bok i gåve. Den handlar om Stine og Jørgens opplevingar i deira første skuleår.
Ta med deg ein ven eller fleire og møt opp!