Jakobs hus i Colombia treng pengar! Vi ligg under fjorårets støtte, så vi ber om ei ekstra gåve no til jul.
Kontonummeret er 2660 20 17450.
Merk gåva med «Jakobs hus».
Kategoriarkiv: Innlegg
Gikk du glipp av adventsmeditasjonen?
Men fortvil ikkje, for her finn du programmet.
Har du Apple Music, kan du klikke denne lenka for å få spelelista:
Der jord og himmel møtes speleliste
Julehelg på Betel!
NB! Endring av dato: Juleverkstad og adventssamling laurdag 17. desember kl. 1600
Medan borna har juleverkstad nede under Tones kreative leiing, blir det ei enkel adventssamling ved Oddvar for dei vaksne oppe. Samlinga er lagt opp slik at du kan sitje ned for å høyre på god julemusikk og nokre refleksjonar rundt songane. Etterpå kan du sjølvsagt gå ned for å vere saman med borna eller du kan berre vere på juleverkstaden.
Ta deg tid til dette i ei travel førjulstid.
Velkomen!
Takk!
Takk!
Betel takkar for den store pengegåva på 24 710 kroner vi fikk i samband med gravferda til Signe Turid T. Haugen. Vi minnest Signe Turid med takksemd for hennar trufaste, praktiske arbeid og for hennar varme og inkluderande vesen.
Vi lyser fred over Signe Turids minne og ynskjer Guds velsigning over Oddvin, Ann-Helen og Knut.