Kategoriarkiv: Innlegg

Velkommen til menighetstur til Fjone 23.-24. oktober!

23.-24. oktober reiser menigheten på tur til Nissedal! Turen vil koste om lag 250,- for voksne, halvparten for born, som inkluderar felles måltider,  jolle(!) og seng i hytte eller leilighet.

Avreise frå Betel lørdag kl 11 for dei som vil ha med seg en tur til Pipo i Treungen. Dei som ynskjer å reise rett til Fjone, reiser 1315 fra Betel slik at dei når 14-ferga over sundet. Fyrste måltid på Nisser hyttegrend & Camping blir lunsj ca kl 1430. På sundag formiddag vil vi ha eit familiemøte i Bestestøga. Vi avsluttar med middag på Fjonesundet fergekafe ca kl 14.

Nisser hyttegrend og camping ligg idyllisk til ved Nisser, og inviterer til uteaktiviteter til lands og til vanns. Gode samtalar rundt peiskos og måltider håper vi og på.

Meld deg og dine på til ein i styret innan høstferien. Dette blir bra!

Dansegruppe på Betel

Det vert dansegruppe på Betel tre sundagar i haust frå 3. til 7. klasse. Samlingane er lagt til tre sundagar det er Sundagtreff  frå kl.14.30 til kl. 16.30. Datoane  er 26.sep., 14.nov. og 28.nov.  Danselærarar er Julianna og Andrea som går i 1.kl. på Kvitsund Gymnas, dei har erfaring fra bl.a. jazzdans.  Dei vil prøve å lære inn ein ny dans for kvar samling, dansen skal synast fram på Sundagstreffet kl.17. Dei som ynskje å vera med må ta på klær som det er godt å danse i (ikkje dongribukse) og drikkeflaske. Fint viss alle kan ta med ein svart tights og ei kvit eller svart t-skjorte til framsyninga på møtet. Det vil vera ein vaksen frå menigheten tilstades kvar gong. Har de spørsmål om dansegruppa kan de ta kontakt med Sigrun Lønning Solvang.