Vegårtun er misjonsforbundet sitt leirsted, som ligg naturskjønt til på Vegårshei. Menigheten vår er medeier i leirstedet saman med mange andre misjonsforbundsmenigheter på sør- og austlandet. For tida bygges det nye internat, eit heilt nødvendig tiltak for å halde leirstaden i god stand. I samband med dette lyser vi ut ei ekstraordinær innsamling til dette i menigheten vår. Målet er å nå 15 000,- frå Kviteseid misjonsmenighet, som kvalifiserer til at menigheten får eit eige rom oppkalt etter seg 🙂
Gåver til Vegårtun settes inn på menighetens konto 2660.20.17450, men merkes med «Gåve til Vegårtun». Med til dømes 500 kroner frå kvart medlem er vi godt i mål.