Referat frå styremøte 16. november 2010

Tilstades var: Olav, Sverre, Sigrid.

1. Referat frå forige møte:
Sigrid tek ansvar for å påminne om bøn for Vekst 2020.

2. Evaluering av menighetshelga:
Plassen var godt egna .
Prisen var grei. Det blei relativt rimleg når menigheten sponsa.
Helga var godt organisert, men det kunne nok med fordel vore
fleire som tok ansvar. Kanskje ein komite neste gong?
Det var fint å ha med speidarane, for då blir dei bedre kjendt
med menigheten. Men kanskje var det litt vanskeleg å
kombinere aktivitetane.
Positivt med besøk av Jon Ultvedt.
Vi er litt usikkre på om fredag – sundag hadde vore bedre, då
hadde det blitt meir tid og ro over det. Men det er kanskje lettare
at fleire blir med når det er bare ein overnatting..
Konklusjon: Bra tur, vi gjentar den gjerne!!

3. Diakoniråd. Gunhild, Anlaug og Sigrid har hatt møte.
Vi skal skrive litt om diakonirådet på Betelnett.

4. Møteliste for våren 2011.

5. Sundagstreffkomite. Sigrid trekker seg, og vi treng ein ny
representant.

6. Olav har ordna med at vi nå har skriftleg avtale om bruk av
«Passpåskogen.»

7. Passpåklubben. Det er behov for ledarar.

8. Saker til menighetsmøte 21. november:
a. Støtte til Vegårtun.
b. Diakoniråd.
c. Sundagstreffkomite.
d. Passpåklubben
e. Vekst 2020.

9. Jolefest 28. desember. Ansvarsfordeling:
Olav: – opptrinn med barna, evt. taler.
Sigrid: – ledelse.
Sverre: – mat/drikke/godteposar

Informasjon:
a. Vi skal telje møtebesøk i november. Sverre har ansvaret.
b. Ny grafikk til Betellogo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *