Kategoriarkiv: Betelbygget
Alt om Betel-oppgradering
Gravemaskinene kommer!
Om alt går i orden, blir det gravd ut til det nye uteområdet på Betel veka etter påske! I den anledning vil vi på nytt utfordre til å gje eit bidrag til dette arbeidet på kontonummer 2801.23.11879. Etter noko fravær er innsamlingsmålaren i høgre marg tilbake på plass, og syner kor langt vi er unna innsamlingsmålet på 150 000 kr, som alt utearbeidet venteleg vi koste. Investering i dette arbeidet gjer ikkje mykje profitt i kroner, men blir garantert eit løft for lokalet vårt! Ynskjer du i tillegg å påvirke korleis resultatet vil sjå ut, møt opp på menighetsmøtet 1. mai!
Avklaringsbrev til misjonshuset
Byggjekomiteen har vore i kontakt med misjonshuset med tankje på langsiktig samarbeid om bygg. Misjonshuset ytra ynskje om å få ei skriftleg framstilling av våre ynskjer og behov. Dette brevet finn du her.
Gravestart og graveinnsamling.
På menighetsmøte 20. oktober blei det vedtatt at menigheten går igang med arbeid med uteområdene rundt Betel med utgangspunkt i situasjonsplanen til Håvard Gjernes, med atterhald om alle godkjenningar. Samstundes starter ei innsamling av midlar til Beteloppussinga med ein eigen innsamlingskonto. Målet er å nå 150 000,- som venteleg vil dekkje utearbeidene.
Planen er å anleggje ny parkeringsplass mot det gamle kommunehuset, gjerde ut mot vegen og hage/uteområde rundt Betel der det no er parkeringsplass.
Menighetsmøte om bygg
Velkommen til menighetsmøte på Betel tirsdag kl 20! Det blir informasjon om kva som skjer med bygg og byggjesak, og diskusjon om vegen vidare. Møt opp, lytt, og si di eiga meining! Sjå og byggjeskissa.