Kategoriarkiv: Speidaren
Speidaren våren 2011
Februar
1.2 Aking oppmøte i hoppbakken
15.2 Speidarmøte Passpåhamni
Mars
1.3 Klatring Kviteseidhallen
15.3 Speidarmøte Passpåhamni
20.3 Skitur oppmøte betel kl: 10.00
29.3 Speidarmøte Passpåhamni
April
10.4 Speidargudsteneste Kyrkja i kviteseid kl: 10.40. Ta på skjerf viss du har.
12.4 Speidarmøte Passpåhamni
26.4 Avslutning på Kvitsund oppmøte på Kvitsund.
Det vert speidar- aksjon ein gong i april,
me kjem tilbake med informasjon når datoen er klar.
Me kjem tilbake med info om pinseleir.
God jol og godt nytt år!
Kviteseid misjonsmenighet ynskjer alle ein god jol og eit godt nytt år! Vi retter og ein varm takk til dei mange som har gjort friviljug innsats for menigheten i året som har gått.
Alle er velkomne på menighetens jolefest 4. joledag kl 18.
Det folket som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i skuggelandet, skal ljoset stråla. Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg i kornskurden, som ein jublar når hærfang vert utskift. For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund som på Midjans dag. Ja, kvar støvel som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde for elden. For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.
Jes 9, 2-6
Bilder frå speidar- og menighetstur til Fjone 23.-24. oktober
Tur til Fjone 23.-24. oktober!
Det vert tur for små- og storspeidarar til campingplassen på Fjone. Vi skal ligge i ei stor gamme, og lage mat /ha leirbål på bålplass med tak rett ved. Det vert tid til nokre speidaraktivitetar. På sundag skal vi feire gudsteneste saman med resten av Betel misjonsmenighet, som også er på tur dit den helga.
Avreise frå Betel kl 11 for dei som vil ha eit stopp på PIPO leikeland i Treungen (kostar ca 80 kr ekstra), avreise kl 1300 for dei som skal rett til Fjone. Vi skal ete middag på fergekafeen i Fjone på sundag, og er nok attende i Kviteseid ca kl 1600. Påmelding til tlf. 93672392 før neste speidarmøte 19.10.
Ta med: 125 kr til mat/transport/overnatting, toalettsaker, ekstra klesskift, ekstra varme klede, lue, vottar, skjerf, sovepose, liggeunderlag, evt. regntøy, støvlar eller fjellsko, brød til 3 måltid, eit pålegg, kopp, tallerken, bestikk, kniv, speidarskjerf/speidargenser om du har, lommelykt.