Det vert tur for små- og storspeidarar til campingplassen på Fjone. Vi skal ligge i ei stor gamme, og lage mat /ha leirbål på bålplass med tak rett ved. Det vert tid til nokre speidaraktivitetar. På sundag skal vi feire gudsteneste saman med resten av Betel misjonsmenighet, som også er på tur dit den helga.
Avreise frå Betel kl 11 for dei som vil ha eit stopp på PIPO leikeland i Treungen (kostar ca 80 kr ekstra), avreise kl 1300 for dei som skal rett til Fjone. Vi skal ete middag på fergekafeen i Fjone på sundag, og er nok attende i Kviteseid ca kl 1600. Påmelding til tlf. 93672392 før neste speidarmøte 19.10.
Ta med: 125 kr til mat/transport/overnatting, toalettsaker, ekstra klesskift, ekstra varme klede, lue, vottar, skjerf, sovepose, liggeunderlag, evt. regntøy, støvlar eller fjellsko, brød til 3 måltid, eit pålegg, kopp, tallerken, bestikk, kniv, speidarskjerf/speidargenser om du har, lommelykt.