Går du i 7. klasse eller ungdomsskulen?

Da er du velkommen på fredagssamling! Annakvar fredag i haust kl 19 vil det vere eit opplegg som er laga spesielt med tanke på deg som er ungdom og ynskjer å vite meir om kva det vil seie å fylgje Jesus. Kvelden vil innehalde god undervisning, god mat, leik og moro og sosialt samver.

Desse kveldane er eit samarbeid mellom Kviteseid pinsemenighet og menigheten vår, med god hjelp frå Kvitsund-ungdommar. Samlingane vil vere på Betel i haust og på Kviteseid pinsemenighet sitt hus Fredheim til våren. Oppstarten blir fredag 27. august. Då er det uteaktivitetar med oppmøte på Kvitsund.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *