Referat frå menighetsmøte 21.11.2010

13 vaksne medlemmar til stades

Informasjon og utfordringar

  • Diakoniråd

Sigrid orientera om dette. Menigheten har i lengre tid snakka om at vi treng ein åndeleg leiar – så lenge vi ikkje har forstandar. Etter å ha søkt råd i andre misjonsforbundsmenigheter, har vi kome til at vi vil prøve med eit diakoniråd. Ved starten består rådet av Sigrid Lofstad, Anlaug Solvang og Gunhild Berntsen. Diakonirådet skal ta seg av blomster- og gåvehelsingar til dei eldre i menigheten, samt ved konfirmasjon, barnevelsigning/dåp og bryllup. Anlaug og Gunhild tek seg av dette. Rådet har og ansvar for åndeleg vegleiing, samtale, bøn/forbøn og sjelesorg. Sigrid blir åndeleg leiar.

  • Sundagstreffkomite

Sigrid har sagt frå at ho vil gå ut av denne komiteen. Vi fant ikkje nokon nye i denne omgang, men tenkjer på det fram til årsmøtet.

  • Passpåklubben

Passpåklubben treng ein kontakt frå menigheten. Dei som har ansvaret nå har ingen medlemstilknytning til Betel.

Støtte til nytt internat på Vegårtun

Vi har fått brev frå Vegårtun om vi kan vera med og betale eit rom i internatet til kr 15.000,- Det kom innspill på at menigheten vår har mykje å bruke pengane på i eige hus. Gunhild foreslo at vi tok ei ekstra innsamling før jul. For eksempel kr 500,- frå kvart medlem, så kjem vi i mål. Samrøystes vedteke.

Vekst 2020

DNM har sett seg som mål å fordoble fram til 2020. Olav orientera om dette. Vi blei dela i to grupper for å samtale rundt spørsmålet: Korleis kan vi leggje til rette for at medlemmane i Kviteseid misjonsmenighet vinn minst ein for Jesus i løpet av ti år? Nokre moment som kom fram i samtalene:

  • Bønn er nøkkelen.
  • Begynne i det miljøet kvar av oss er til dagleg. Ta del i naturlege møtepunkt utanom menighetssammenheng.
  • Oppmuntre kvarandre. Vere frimodige.
  • Menigheten driv mykje godt arbeid som ein kan invitere folk inn i.
  • Utfordringar med Betelbygget; trang møtesal, dårleg kjøkken, dårleg lufting

Styret vil oppsummere innspela og vil foreslå konrete visjonar, mål og/eller planar for menigheten om det synest tjenleg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *