I 2010 hadde vi fleire samtaler om vegen vidare for menigheten i fleire menighetsmøte og styremøte. Eg har forsøkt å oppsummere og sytematisere det som blei trukke fram på desse møtene, og har samla innspela i fem hovudpunkt med underpunkt.
- Bønn – Bønn er nøkkelen!
- Utvikle bønne- og forbønnstjenesten
- Menighetsfellesskapet – byggje eit kjærleg, opent og inkluderande menighetsfellesskap.
- Visjon: Menigheten som smakebit av Jesus
- som inspirerer til frimodighet og teneste for andre
- som viser borna kva menighet kan vere og bety
- som stadig rekrutterer nye inn i fellesskapet
- som oppleves godt å komme inn i «utenfra» for «kven som helst»
- Bygge og nære relasjoner til folk utenfor menigheten
- Byggje ned grøfta mellom folk med tilhørighet til ein menighet og «dei andre»; knuse fordommer, byggje bruar
- Frimodig markedsføring av menighetens virksomhet. Gi folk ein oppleving av å vere velkomne og husvarme hjå oss
- Arbeide vidare med gode løysingar på åndeleg leiarskap/pastorfunskjon
- Finne og utvikle vidare gode løysingar for lokale for virksomheten
Desse punkta er som de ser noko ulike, både i tema og omfang. Nokre går på overordna mål for menigheten, andre på midlar for å nå målet. På styremøta i vår vil vi drøfte kvar av desse fem hovudpunkta. På vårens to fyrste møter har vi drøfta lokale- og bønearbeid, sjå styrereferat. Gjennom dette arbeidet håpar vi å ta nokre konkrete steg i riktig retning, men vi håpar og at den kan modnast fram ein samlande visjon/nokre samlande visjoner for menigheten.
Har du noko på hjertet i høve til dette? Er det noko viktig vi har gløymt eller oversett? Er det noko som gir ekstra gjenklang hos deg? Du har fleire mogelegheiter til å gje innspel og respons!
- Skriv ei tilbakemelding til denne artikkelen
- Ta kontakt med ein i styret
- Møt opp på menighetsmøte 1. mai kl 17 og si di meining