Velkommen til nytt semester!

Denne sumaren har vi tydeleg fått malt både mørkre og ljos for augo våre. Det er sterkt å sjå tydeleg det vi i teorien visste; at eit menneske kan gjera veldig mykje vondt. Men endå sterkare å sjå dei veldig mange som har vist kjærleik i ord, symbol og handling. Vi har sett at me som menneske er heilt overgjevne til kvarandre på godt og vondt. Og som menighet ynskjer vi å byggje eit felleskap av sårbare og slett ikkje perfekte menneske, som saman syner kvarandre og resten av verda at Gud er kjærleik. Vi vil og velje kjærleik, toleranse og forsoning framfor einsemd, bitterhet og hat. Kristus er vår frelsar og vårt førebilete.

Møtelista for hausten finn du her. Skriv ut, og del ut, til vener, kjende og ukjende! (Merk at menighetsturen som blei delvis annonsera før sumaren er forenkla til ein ein dags naturutflukt.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *