Desse møte : Hamish, Sverre, sigrun,Olav, Aslaug, Anders, Ove S. og Ove L.
Olav yngste velkomen med eit ord frå Bibelen.
Aslaug la fram planen som ho, Ane og Else hadde kome fram til med omsyn til planting og opparbeiding av utearealet mot nord-vest. Det vert kjøpt inn og planta til våren. Da vert det og sett opp to ”rasteplassar” og sandkasse. Det vart snakka om å snu trammen mot parkeringsplassen og kjøpe ny ytterdør. Ny tram bør vera i tre og kanskje skal me og ha rullestolrampe. Oppslagstavla og bønekassa bør opp ved den nye innkøyringa. Det kom framlegg om nytt stort skilt på veggen mot parkeringsplass og eit mindre ved inngangsdøra. Båe med den nye logoen. Alt dette må avgjerast av styret. Snu døra og feste vindskibord bør gjerast i haust.
Me snakka og om å flytte klosettet, ordne med kjøkken m.m., men den dugnaden får vente til etter årsmøte.
Spørsmålet frå Bjørg Hauglid om ein felles joletrefest med Sundvang, vart og drøfta. Dette høyrdes spanande ut, men Olav skal høyre med Bjørg om det er OK at me spør Fredheim om dei og vil vera med.
Me ba Fadervår til slutt.